Endringar i opningstider ved Suldal bad

Endringane trer i kraft frå veke 17 (rett etter påske).

Nye opningstider:

  • Måndag: 06.30 - 08.30
  • Onsdag: 16.00 - 20.00
  • Torsdag: 16.00 - 20.00 
  • Fredag: 06.30 - 08.30  og 16.00 - 20.00 
  • Lørdag/Søndag: 12.00 - 17.00 

*Ferieopningstider: Tysdag - Søndag 12.00 - 18.00. 

Billett - Klikk for stort bileteSuldal bad Ryfylkefotografen

Større fleksibilitet

Suldal Bad Publikum AS har vore i drift i over fem år, og me er stolte av tilbodet vårt innan folkehelse og reiseliv. Dei siste åra har besøkstala våre gått ned, særleg på vekedagar utanom feriar. 

For å sikre ei berekraftig og forsvarleg drift i åra framover, har me etter grundige vurderingar valt å justere opningstidene. Endringane gir oss òg større fleksibilitet og moglegheit til å bruke bassenget til andre etterspurde aktivitetar som mørketidsbading, svømmekurs, utleige, teambuilding og andre arrangement.

  • Tysdag ettermiddag og morgonbad onsdagar blir fjerna frå opningstidene
  • Endringane trer i kraft frå veke 17 (rett etter påske)

 

Me håpar på forståing for desse tiltaka og ser fram til å halde fram med å tilby gode opplevingar ved Suldal Bad.