Ein gledens dag for Suldal!

I dag vart den nye sjukeheimen offisielt opna – to år etter at rivinga av den gamle starta. Ordføraren skar snora med ein kniv spesiallaga for anledninga og erklærte bygget for opna.

Eit resultat og ein sjukeheim me alle kan vera stolte av

Det vart halde engastjerte talar frå fleire, utanom ordførar sjølv. Frå konstituert kommunedirektør Torbjørn Guggedal og prosjektleiar Arild Vaage, til entreprenøren Consto og arkitektfirmaet Omega. Og her mangla det ikkje på varme ord! Politisk vilje, særs god leiiing og planlegging, tett samarbeid og solid gjennomføring har ført til eit resultat og ein sjukeheim me alle kan vera stolte av. 

No er det leiar for sjukeheimen Marte Berekvam som tek over stafettpinnen når bebuarane flyttar inn fyrstkommande måndag. Før den tid inviterer me alle som vil til ope hus laurdag – velkomen innom for ein kikk! 

Sjukeheimen er offisielt opna - Klikk for stort bilete