Bygdeutvikling flyttar til kommunehuset

Frå og med måndag 20.oktober held Bygdeutvikling til på kommunehuset. 

Bygdeutvikling i Suldal kommune flyttar no frå lokala sine på Garaneset til kommunehuset. Flyttinga skjer torsdag 16. og fredag 17. oktober. Desse dagane vil ein vera mindre tilgjengeleg, og me oppmodar om forståing for eventuelle forseinkingar i svar og oppfølging, seier einingsleiar for Bygdeutvikling, Dagfinn Svadberg Hatløy.

Frå og med måndag 20. oktober held Bygdeutvikling til i 3. etasje på kommunehuset.

For spørsmål eller kontakt i flytteperioden, ta gjerne kontakt via e-post til post@suldal.kommune.no.