Bli med og gjer ein forskjell – meld deg som bøssebærar til årets TV-aksjon!Suldal frivilligsentral inviterer deg til å gi to timar søndag 19. oktober for ei viktig sak: Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen, som arbeider for å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. I Suldal kan du melde deg direkte til Ropeidhalvøya, Erfjord, Suldalsosen og Sand – og vere med på å sikre skulegang, helsehjelp og inkludering for over 200 000 menneske i land som Palestina, Ukraina, Nepal og Etiopia.Meld deg som bøssebærar på www.tvaksjonen.no Publisert 16.09.2025 10.37