Anne Berit + biblioteket = sant!Møt Anne Berit Malum Solvang – student og fast gjest på biblioteket på kulturhuset. Ho likar å fordjupa seg i studielitteraturen her, og har faktisk lånt nesten alt ho treng til studia frå biblioteket. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. – Eg likar at det er litt liv rundt meg, men at eg likevel kan finna ein roleg krok, fortel Anne Berit til Anne Mo som er avdelingsleiar for biblioteka i Suldal. - No som Kulturkafeen Sand har opna, er det ekstra fint å kunna kjøpa seg ein kopp kaffi eller litt mat medan ein les. Visste du at du kan bruka biblioteket også utanom opningstidene?Med lånekortet ditt kan du få tilgang til biblioteket og kulturhuset kvar dag mellom kl. 08 og 22 – heile året! Alt du treng å gjera er å skriva under ein kontrakt. Deretter kjem du inn ved å skanna kortet ditt og bruka PIN-koden din ved inngangen.Meirope bibliotek er bygt på tillit – og med nokre enkle reglar held me det trygt og triveleg for alle.Kom innom biblioteket og få tilgang du òg! Ryfylkebiblioteket SuldalMeirope bibliotek og kulturhus Publisert 19.05.2025 09.42