7. klassingane på leirskuleSist veke var alle 7. klassingane i Suldal på leirskule på Gullingen. Sjå her. Ei viktig og annleis vekeMøt leirskulelærar Kjersti. Ho meiner at leirskule er den aller viktigaste skuleveka elevane har i løpet av 10 år på skulen, og brenn for faget sitt!Jan-Erik er leirskulerektor på 37. året, og satsar med iver og engasjement på å bikka 40 år, minst! Magnus er barne- og ungdomsrettleiar, og var sist veke saman med suldalselevane på Gullingen. For han er det viktig å sjå heile kullet samla, og å følgje dei over til ungdomsskulen som ein kjent person elevane kjenner. Lurer du på korleis dei hadde det? Ta ein titt her! P.S: Jan-Erik og Kjersti får du høyra meir frå i neste episode av podcasten vår; Kraftlaget Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Publisert 27.03.2025 09.17