Billedkunstnar og skulptør Inga S. Søreide står bak bronseskulpturen “Historiar i hand” som blir avduka utanfor sjukheimen fredag 22. mai.
Skulpturen er laga spesielt for sjukeheimen - som eit samlande symbol på omsorg, livserfaring og historiar mellom generasjonar.
I samband med arbeidet skal Søreide ha workshop for elevar ved Sand skule i dagane før avdukinga. Elevane skal sjølv få tolke skulpturen på sin måte, og arbeide med leire.
Program for dagen:
11:30 - Velkomst v/ Torbjørn Guggedal
Velkomst og bakgrunn for markeringa. Takk til kunstnar, elevar, samarbeidspartnarar.
11:35 - Om skulpturen og tanken bak
Kunstnar Inga S. Søreide fortel om arbeidet med skulpturen, kvifor han er plassert ved sjukeheimen, og kva ho ynskjer at verket skal formidla.
11:45 - Ungt blikk på handa
Elevar frå Sand skule deler erfaringar frå workshop og gruppearbeid knytt til skulpturen (elevane sine arbeid er stilte ut i foajèen på sjukeheimen).
11:55 - Avduking
Avduking ved kunstnar Inga S. Søreide, saman med representant for elevar.
12:00 - Uformell samling
Høve til å sjå skulpturen på nært hald, samt utstillinga til elevane.Tid for samtalar mellom kunstnar, elevar og gjester. Kaffi, saft og is til ungane.
Det blir musikalsk innslag frå elevane på Sand skule.
Alle er velkomne til å delta på avdukinga!