- Torsdag 30. oktober kl. 13.00–16.00
- Eide ved Joagarden barnehage
- Parkering ved Sand skule – ikkje på Eide
Program for dagen
Frå kl. 13.00:
- Testing av ny løype
- Naturløype på Eide med Suldal O-lag – for heile familien
- Utdeling av nye turkart for Sand
- Bollar, frukt, saft og kaffi til alle
Kl. 16.00:
- Offisiell opning av ny trase til Hellandsnuten
Ta med deg gode sko og godt humør – og bli med på ein fin dag ute i naturen!
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.
Om prosjektet Hellandsnuten
Dei siste åra har Suldal kommune satsa på vedlikehald og tilrettelegging av turområdet Hellandsnuten.
Med hjelp frå sherpaer frå Nepal og Stibyggjaren AS er det laga 6 flotte trasear som gjer toppturen til Hellandsnuten endå meir tilgjengeleg.
Samarbeid og støtte
Takk til grunneigarar, arbeidsgruppa «Langs Lågen», Næringshagen i Ryfylke og støttespelarar som Sparebankstiftelsen SR Bank og Sparebanken Norge.