Kraftlaget podcast
Suldal kommune
Kraftlaget
Velkommen til Kraftlaget – podkasten som tek deg med inn i kvardagen til dei som får kommunen til å gå rundt.
Elisabeth Bjørkhaug og Bente Tednes Gjil ptatar med dei som jobbar i og med Suldal kommune – menneske med historier, tankar, frustrasjonar, latter og kraft. Gjennom ærlige samtalar, små drypp av galskap, og store mengder engasjement, blir du betre kjent med både kollegaer, fagfelt og heile kommunen vår.
Me trur at arbeidsglede smittar, at samskaping startar med nysgjerrigheit, og at krafta ligg i folka – ikkje berre i fjella.
Så sett deg godt til rette, eller ta oss med på øyret gjennom arbeidsdagen – dette er Kraftlaget.
Du finn podcasten der du lyttar til podcast, som blant anna Spotify.