Vil du leie framtidas sjukeheim?

Suldal sjukeheim er ny, moderne og fagleg spennande – og me søkjer ein leiar som vil byggja fellesskap, utvikla tenester og skapa ein trygg og heimleg kvardag for bebuarane våre. Søknadsfristen er 27. februar. 

Bli med inn på Suldal sjukeheim

Sjå korleis me jobbar, samarbeider og skapar gode dagar for bebuarane.

 

Bli ein del av kraftlaget vårt og søk stillinga som einingelsiar ved Suldal sjukeheim

 

Podcast

Denne episoden er for deg som er nysgjerrig på stillinga. Kommunalsjef Svein Carlos Gjil, rådgjevar Elin Mikkelsen Bakka og konsulent Lisebeth Gjøse snakkar om stillinga og korleis den rette kandidaten kan vera med å forma sjukeheimen vidare. 

 

Me må dra dette lasset saman

Ein prat med Svanhild Løge Skålheim, einingsleiar ved Suldal heimetenester - og kjenner leiarrolla godt

Om Svanhild

    • Gift med Einar
    • Har 4 vaksne born
    • Einingsleiar for Suldal heimetenester
    • Utdanna sjukepleiar
       
    • 30 år som sjukepleiar, derav dei 16 siste åra som kreftsjukepleiar/ koordinator, inkludert 1,5 år som barnekoordinator
    • 8 år (+) som folkevalgt i lokalpolitikken og 8 år i fylkespolitikk.
    • Engasjert i kyrkje og kristenliv i bygdene
portrett - Klikk for stort bileteSvanhild Løge Skålheim Suldal kommune

Då Svanhild Løge Skålheim starta som einingsleiar for Suldal heimetenester i august 2024, var det ikkje karrierejaget som førte ho dit. Det var engasjementet – det ho sjølv omtalar som eit livslangt driv for å forstå, bidra og få ting til å henga saman.
Eg har aldri sett på meg sjølv som eit karrieremenneske,» seier ho og smiler. «Men eg er født engasjert.


Bak seg har ho 16 år som kreftkoordinator, eit arbeid der ho har stått tett på familiar i både dei vanskelegaste og i dei aller mest håpefulle stundene. Då to flinke kreftsjukepleiarar søkte den stillinga ho hadde, kjende ho på ei ro: Stafettpinnen kunne førast vidare. No var det hennar tur til å bidra på ein annan måte.
Når du har stått i eit slikt fag i så mange år, kjenner du etter kvart at du vil inspirera andre før du går tom. Eg ville få litt meir handa på rattet.


Ho hadde òg med seg mange års erfaring som lokal- og fylkespolitikar, eit erfaringsgrunnlag som ho meiner har gitt ho eit unikt blikk på organisasjonen – det som skjer «på golvet», på toppnivå, og ikkje minst alt som skjer midt imellom.
– Kart og terreng stemmer ikkje alltid. Det trigga meg. Eg ville sjå kva som skjer i midten, der alt skal henga saman. Korleis gjer me avgjersler? Kvar kan ting løftast eller stoppe opp?

 

Å leia ærleg, relasjonskompetanse og felles kurs

Det Svanhild set aller høgast som leiar, er at folk opplever å bli sett og forstått.
– Me treng ikkje vera einige. Men dei tilsette skal kjenna at eg forstår kva dei seier.
For Svanhild handlar det om realisme og ærleg dialog -  ikkje glansbilde. Ho meiner at det må vere rom for å snakka ope om kva som fungerer, kva som ikkje gjer det, og kva som må til for å utvikla tenestene vidare. 
– Me har ikkje råd til å pynta. Me blir færre som skal gjera meir – og betre. Då må me snakka sant. Kva fungerer? Kva fungerer ikkje? Og kva kan me gjera med det?


For Svanhild handlar leiarskap om å byggja tryggleik og kultur. Om å tåla sterke kjensler og krevjande situasjonar. Om å invitera til eit lag der alle stemmer får plass. Relasjonskompetanse er eit nøkkelord for ho. 
– Det å møta folk ekte og ærleg innbyr til tillit, seier ho og utdjupar at omgrepet «respekt» for ho ikkje handlar om underordning eller å framstå kravstor. Respekt er å vise vilje til å vera med å bera, gjera kvarandre gode, og sjå si eiga rolle i eit større perspektiv.
Ho meiner at eit godt arbeidsfellesskap byggjer på at ein lyttar til kvarandre og tek ulike ståstader på alvor. Berre slik kan ein setje og følgje ein felles kurs – òg når kvardagen er krevjande.

Ei leiargruppe i utvikling

portrett - Klikk for stort bileteSvanhild Løge Skålheim Suldal kommune

Svanhild opplever leiargruppa som ei gruppe i positiv utvikling.
– Eg ser eit lag i utforsking og utvikling. Det er nødvendig at me er nysgjerrige og optimistiske med eit sant ønskje å forstå kvarandre.
Leiarmøta på tvers av helse og oppvekst har no blitt ein sentral arena, meiner ho. 
– Der opplever eg at me for alvor søkjer å sjå tenestene meir under eitt – ikkje berre si eiga tenestesøyle. Alt heng saman med alt! Det er til dømes alle sitt ønskje å støtte og hjelpe born, unge og familiane deira, og systema me har rundt desse må sikrast koordinering, trygg nok felles innsikt i kva som er barnet/den unge og familien sine uttrykte behov og prioriteringar. Då kan me ikkje “kun” stå i kvar vår silo og jobbe “med vårt”. Samvirke med god nok felles innsikt reduserer faren for unødig kompleksitet, og resultatet vert målretta og betre tenester.

Eg ser eit lag i utforsking og utvikling.

Påverknad, innovasjon og rom for utvikling

Svanhild opplever at rolla som einingsleiar gir ho reelt rom for å påverka utviklinga i tenestene. Men enkelt er det likevel ikkje. Ho er tydeleg på at rammene alltid ligg der – men innanfor desse finst det stort handlingsrom for å tenka nytt og styra retning.
– Innafor ramma har einingane moglegheit til å styra retning sjølv. Me må alltid vurdere om me jobbar på ein måte som svarer ut både dagens lovkrav og våre lokale behov. Det betyr at arbeidet ikkje er statisk, men i stadig røyrsle.
Ho peikar på at små, men gjennomtenkte endringar gjerne vert dei mest berekraftige. Å skunda seg sakte, men målretta.

 

Eit hus fullt av potensiale

Når ho snakkar om Suldal sjukeheim – den eininga kommunen no skal rekruttera ny leiar til – er ho tydeleg:
– Det er eit hus fullt av potensiale.
Ho meiner sjukeheimen har alle føresetnader for å utviklast vidare, både som fagmiljø og som ein sterk og tryggande medspelar i kommunens samla helse- og omsorgstilbod.

 

Eit blikk framover

Svanhild er tydeleg på at ho har tru på retninga sektoren er på veg i – og på heile laget som skal samarbeide. Ho har stor tru på at laget handlar om stat, fylke, kommune, brukarar, pårørande og frivillige som jobbar mot same mål. 
– Det handlar ikkje om mengde, men om struktur og tanke. Om å vere i forkant.


Og ho avsluttar med ein setning som på mange måtar summerer heile leiarfilosofien til Svanhild:
– Viss me ikkje dreg dette lasset saman, får me det ikkje til.

Om Suldal heimetenester

  • Suldal heimetenester er ei stor og breitt samansett eining:

    Om lag 80 tilsette, litt over 55 årsverk.

    Eininga har bredt medansvar i kommunen – frå dei eldste innbyggjarane til barna og alle familiar i krevjande situasjonar.
    Me er heile Suldal sitt lag, seier Svanhild. Jobben gir meining – kanskje meir enn nokon gong i den verdssituasjonen me står i no.


     

  • To avdelingar:

    • Heimesjukepleie inkl. praktisk bistand og dagsenterdrift
    • Tildelingskontoret og Psykisk helse og rus/ROP-tenester. Her jobbar også ergoterapeut, demenskoordinator, barnekoordinator, barne- og familieteamet, kommunepsykolog, ruskonsulent og miljøterapeut. Avdelinga driv også eit aktivitetstilbod på “Loftet”. 

    I 2027 vert også Vinjarheim bukollektiv og Suldal bu- og aktivitet ein del av eininga.

Kvifor jobbe som einingsleiar på Suldal sjukeheim?

Du får leie eit nytt og prisvinnande bygg

  • Ny sjukeheim i 2025
  • Demensvennlege løysingar
  • Smittevernsoner og moderne fasilitetar
  • Pris for «Årets nybygg»

 

Du blir ein del av eit sterkt leiarfellesskap

  • 16 einingsleiarar i Helse og oppvekst
  • Fagleg støtte, sparring og utviklingskultur

Du jobbar i ein framtidsretta institusjon

  • Satsing på velferdsteknologi
  • Avanserte medisinske oppgåver (på grunn av avstand til sjukehus)
  • Gode tverrfaglege team

 

Du får eit meiningsfullt og strategisk leiaroppdrag

  • Fagleg, økonomisk og administrativt ansvar
  • Utvikle tilbodet i eit nytt bygg
  • Påverke retning for institusjonstenesta i åra framover

Kven er du

    • Du har høgare utdanning, og gjerne vidareutdanning
    • Du får med deg folk
    • Du har erfaring med leiing
    • Du har fagleg bakgrunn frå helse
    • Du er utviklingsorientert og nysgjerrig på teknologi
    • Du trivst med ansvar
    • Du er ein kulturbyggar

 

Jarle, Marianne, Kathrine og Kari er ein del av Kraftlaget vårt. 

  • Gode vilkår og fleksibel arbeidstid

    • Betalt lunsjpause – du jobbar faktisk 100 timar mindre i året enn mange andre!
    • Lønstillegg utover tariff for fleire stillingar – Sjå her

     

    Fagleg utvikling og støtte

    • Gode ordningar for vidareutdanning og støtte til grunnutdanning
    • Tilgang til bedriftshelseteneste og samtalar med psykolog ved behov
    • Aktiv bruk av arbeidsplassvurderingar og sjukefråværsoppfølging
  • Leiarar innan oppvekst - Klikk for stort bileteRektorar og avdelingsleiarar på skuleleiarkonferansen Suldal kommune

Tenkjer du tanken om å flytta til Suldal? Til eit liv med litt meir tid, og litt meir plass? Du kan søkje om å prøvebu i ein av rekrutteringsbustadane våre. Les meir her. 

  • Kraftlaget - sterkt fellesskap

    • Velferdsutvalet arrangerer sommarfest, quiz, baking, fjellturar og foredrag
    • Kom-i-form-konkurranse og treningstilbod med støtte hos Stas-Knallform
    • Sponsa medlemskap i lag og organisasjonar – bygg nettverk og bli kjent med kommunen
  • Bu i Suldal

    • Du kan pøvebu i ein av våre rekrutteringsbustadar
    • Startlån og støtte til bustadkjøp og renovering
    • Du kan få sletta studielån ved flytting til Suldal

Bli ein del av kraftlaget vårt og søk stillinga som einingelsiar ved Suldal sjukeheim

Kontakt

Profilbilde av Svein Carlos Nilsen Gjil
Svein Carlos Nilsen Gjil
Ass.rådmann/komm.sjef
E-post
Telefon 99 07 88 63
Mobil 99 07 88 63