Er du ny i Suldal? Då håpar me du vil ta turen innom tilflyttarkaféen vår.

Her kan du møta andre som også er nye i kommunen, bli kjend med folk frå lokalmiljøet og få gode tips til livet i Suldal. Kanskje lurer du på kor dei finaste turane er, kva som skjer i grendene, eller korleis du kan bli med i lag og organisasjonar? På innflyttarkaféen er ingen spørsmål for små og ingen for store.

Tilflyttarkaféen er ein uformell og triveleg møteplass der me samlast til kaffi, prat og nye bekjentskap. Målet er å gjera det lettare å finna seg til rette, byggja nettverk og kjenna seg heime i Suldal.

Tilflyttarteamet arrangerer slike treff med jamne mellomrom gjennom året. 
Me gler oss til å bli kjende med deg!