Kva kan eg hjelpe deg med?
Bente kontaktperson for tilflyttarteamet
Suldal kommune
Hei. Eg heiter Bente, og eg kan mellom anna hjelpe deg med informasjon om:
- Bustader og tomter
- Arbeid og karrieremoglegheiter
- Barnehage og skule
- Fritidsaktivitetar og kulturtilbod
- Lokalsamfunn og bygder
- Etablering av bedrift
- Praktiske spørsmål knytt til flytting
Om eg ikkje har svaret sjølve, hjelper me deg med å finne rett person.
Kvifor ta kontakt?
Å flytte til ein ny stad er ei stor avgjerd. Me ønskjer å gjere det enklare for deg å bli kjend med Suldal og finne ut om kommunen passar for deg og din familie.
Har du spørsmål eller ønskjer ein prat om moglegheitene i Suldal?
Ta kontakt med meg her
Velkomstpakke
Å flytta til ein ny stad er starten på eit nytt kapittel. Me ønskjer at du skal kjenna deg heime frå første stund og oppdaga alt det som gjer Suldal til ein god stad å bu, arbeida og leva. Derfor tilbyr me ei gratis velkomstpakke til deg som har flytta hit etter å ha budd utanfor kommunen i minst to år.
Velkomstpakka gir deg nyttig informasjon, tips og inspirasjon til aktivitetar, kulturtilbod, friluftsliv og møteplassar i kommunen – alt for å gjera det litt enklare å bli kjend med lokalsamfunnet og menneska som bur her.
Du kan søkja om velkomstpakke inntil seks månader etter at du har meldt flytting til Suldal. Me gler oss til å ønskja deg velkomen!
Velkommen til innflyttarkafè
Er du ny i Suldal? Då håpar me du vil ta turen innom innflyttarkaféen vår.
Her kan du møta andre som også er nye i kommunen, bli kjend med folk frå lokalmiljøet og få gode tips til livet i Suldal. Kanskje lurer du på kor dei finaste turane er, kva som skjer i grendene, eller korleis du kan bli med i lag og organisasjonar? På innflyttarkaféen er ingen spørsmål for små og ingen for store.
Innflyttarkaféen er ein uformell og triveleg møteplass der me samlast til kaffi, prat og nye bekjentskap. Målet er å gjera det lettare å finna seg til rette, byggja nettverk og kjenna seg heime i Suldal.
Tilflyttarteamet arrangerer slike treff med jamne mellomrom gjennom året.
Me gler oss til å bli kjende med deg!