Næringslivet byggjer sterke lokalsamfunn

Eit levande og aktivt næringsliv er med på å skapa gode lokalsamfunn. Derfor engasjerer Næringshagen i Ryfylke seg kvar dag i satsingar og aktivitetar som bidrar til vekst, utvikling og framtidstru i Suldal.

Ein pådrivar for vekst og nyskaping

Næringshagen i Ryfylke er eit regionalt innovasjons- og utviklingsselskap som arbeider for nyskaping, verdiskaping og berekraftig vekst i Suldal, Sauda og Hjelmeland. Gjennom tett samarbeid med etablerte bedrifter, gründerar og nye initiativ bidrar selskapet til å skapa arbeidsplassar, styrkja konkurransekrafta og leggja til rette for framtidig utvikling i regionen.


 

Fleire arbeidsplassar og nye moglegheiter

Målet til næringshagen er å hjelpa fram nye verksemder og arbeidsplassar, samtidig som eksisterande bedrifter får støtte til å veksa og utvikla seg. Dette arbeidet er viktig for både sysselsetting, busetjing og ei berekraftig framtid i Suldal.


Del av eit nasjonalt nettverk

Som ein del av det nasjonale næringshagenettverket til Siva har Næringshagen i Ryfylke tilgang til eit omfattande nettverk av kompetanse, ressursar og verkemiddel. Gjennom Næringshageprogrammet får lokale bedrifter og initiativtakarar tilgang til regionale, nasjonale og internasjonale fagmiljø som kan bidra til å realisera nye idear og skapa vekst.


Ringverknader for heile regionen

Resultatet er eit sterkare næringsliv, fleire moglegheiter for innbyggjarane og eit meir attraktivt Ryfylke å bu, arbeida og investera i.
– Me meiner at eit aktivt næringsliv skaper grunnlaget for eit godt bygdeliv. Når bedrifter lukkast, skaper det ringverknader som kjem heile lokalsamfunnet til gode.


Les meir om Næringshagen i Ryfylke her