Me hjelper deg på vegen til Suldal

Vurderer du å flytte til Suldal? Kanskje har du fått jobbtilbod, er på jakt etter ein ny stad å bu, eller berre er nysgjerrig på kva moglegheiter som finst her?
Tilflyttarteamet er til for deg. Me kjenner kommunen, lokalsamfunnet og moglegheitene som finst, og hjelper deg gjerne med å finne svar på det du lurer på.

Kva kan eg hjelpe deg med?

Portrett Bente Tednes Gjil - Klikk for stort bileteBente kontaktperson for tilflyttarteamet Suldal kommune

Hei. Eg heiter Bente, og eg kan mellom anna hjelpe deg med informasjon om:

  • Bustader og tomter
  • Arbeid og karrieremoglegheiter
  • Barnehage og skule
  • Fritidsaktivitetar og kulturtilbod
  • Lokalsamfunn og bygder
  • Etablering av bedrift
  • Praktiske spørsmål knytt til flytting

 

Om eg ikkje har svaret sjølve, hjelper me deg med å finne rett person.

 

Kvifor ta kontakt?

Å flytte til ein ny stad er ei stor avgjerd. Me ønskjer å gjere det enklare for deg å bli kjend med Suldal og finne ut om kommunen passar for deg og din familie.

Har du spørsmål eller ønskjer ein prat om moglegheitene i Suldal?

Ta kontakt med meg her