Heim for ein 50-lapp - trygg heimreise gjer det enklare for ungdom å vere med

I Suldal ønskjer me at ungdom skal kunne vere med på det som skjer i lokalsamfunnet – og kome seg trygt heim når kvelden er over.

Gjennom ordninga «Heim for ein 50-lapp» kan ungdom mellom 13 og 18 år få skyss heim for berre 50 kroner frå offentlege arrangement på fredags- og laurdagskveldar.
Offentlege arrangement er arrangement som er opne for alle, som til dømes vinterball, konsertar og liknande møteplassar for ungdom.
For mange som veks opp i ein kommune med store avstandar, kan transport vere avgjerande for om ein vel å delta. Med denne ordninga blir det enklare å vere med på aktivitetar, møte venner og ta del i det som skjer rundt om i bygdene.

Konsert på Ryfylkedagane , publikum - Klikk for stort bileteRyfylkedagane Bjørn Tagliano


Eit trygt og inkluderande lokalsamfunn

Ordninga er eit tiltak for å leggje til rette for aktive fritidsliv, gode møteplassar og trygge oppvekstvilkår for ungdom.
Når ungdom får moglegheit til å delta på arrangement utan å bekymre seg for heimreisa, blir terskelen lågare for å vere med.
 

Kort fortalt

  • Gjeld ungdom mellom 13 og 18 år
  • Gjeld transport heim frå offentlege arrangement
  • Arrangementa må vere opne for allmenta
  • Til dømes vinterball, konsertar og liknande arrangement
  • Fredagar og laurdagar
  • Pris: 50 kroner per heimreise

 

I Suldal skal det vere trygt å vere ung – både på arrangementet og på vegen heim.

 

Les meir om ordninga her