På laurdag tok ordførar Mads Drange imot den gjeve prisen i Kokepunktet saman med resten av gjengen, og jubelen stod i taket då det vart klart at Suldal gjekk heilt til topps. Etter at me vann «Årets Gladmatoppleving» i fjor, er dette den andre Gladmat-prisen på to år.
Denne prisen er først og fremst ei anerkjenning av alle dei dyktige matprodusentane og mataktørane våre. De har gjennom fleire dagar skapt matglede, gode smaksopplevingar og vist fram det beste Suldal har å by på. De er fantastiske ambassadørar for kommunen vår!
Ei stor takk
Ein stor takk går også til Næringshagen i Ryfylke som har hatt prosjektleiinga for satsinga, og til alle som har bidrege med planlegging, gjennomføring og godt humør. Takk òg til alle som besøkte standen – de var med på å skape den gode stemninga juryen la merke til.
Gladmat er ein viktig arena for Suldal. Her får me vise fram lokale råvarer, dyktige produsentar og alt det engasjementet som finst i bygdene våre. Slike møte skaper stoltheit, synleggjer næringslivet, landbruket og matscena vår og set Suldal på kartet.
Gratulerer til alle involverte – dette er ein pris heile Suldal kan vere stolt av!
Foto: Visit Suldal / vandrefilm / Gladmat / Suldal kommune