Arrangementet samlar fleire lokale aktørar som deler sine erfaringar, historier og råd om korleis ein kan nytta garden som ressurs på nye måtar. Programmet gir eit breitt innblikk i ulike typar tilleggsnæringar, frå reiseliv og formidling til juletreproduksjon og mangfaldig gardsdrift.
Program
- Tveita Adventure – Gunvor Tveita «Slik blei Tornerosedomen til»
Gunvor Tveita fortel om utviklinga av Tornerosedomen og korleis ei god idé kan bli til ei berekraftig tilleggsnæring. - Anita Øvregård, Imsland «Bonde på heiltid, og eit livsverk med mangesysleri»
Anita Øvregård deler innsikt i korleis ho har bygd opp ei gardsdrift med fleire bein å stå på. - Myhre juletregård / Norsk Juletreservice – Lena Nergård «Juletreproduksjon – ei næring med moglegheiter»
Lena Nergård gir eit innblikk i juletreproduksjon som næring, med moglegheiter både lokalt og nasjonalt. - Bjørn Moe, tidlegare eigar og drivar av Mo Laksegard, no med satsing på Jelsa hotell «Historia om Mo Laksegard – med garden som ressurs»
Bjørn Moe ser tilbake på utviklinga av Mo Laksegard og korleis garden har vore ein nøkkelressurs i reiselivssatsinga. - Truls Eric Johan Engstrøm – ny eigar og drivar av Mo Laksegard «Tankar og refleksjonar om reiselivet i Suldal og framtida til Mo Laksegard»
Den nye eigaren deler sine perspektiv på reiselivet i Suldal og vidare planar for Mo Laksegard.
Det blir servert kaffi og enkel servering frå Anita Øvregård.