Velværeavdeling

Vår velværeavdeling blir bruka til fleire aktivitetar: Svømmeopplæring, trening for revmatikare eller for dei som bare vil nyta varmt vatn, massasje, ro og utsikt.

Terapibadet

I vår velværeavdeling er det eit terapibasseng som held ein temperatur på 34 grader. Bassenget er 0,9 m på det grunnaste og 1,5 m på det djupaste. I tillegg til rullestolrampe har terapibadet massasjedyser motstandstraum og sittebenkar. 

Badstove

Mellom terapibassenget og hovudbassenget finn du ei badstove. Badstova er felles for alle (men små barn vert fraråda til å nyta badstova). Badetøy er påbode. I badstova vil temperaturen vera på 80-90 grader. Ikkje sitt for lenge. Bruk av badstova er på eige ansvar. Alle må spyla seg både før og etter å ha vore i badstova.  Då kan ein bruka den felles dusjen som står rett utanfor badstova.

 

Boblebad

Ute i det fri har me eit boblebad med plass til 8 personar. Her kan du ta ein pause frå kvardagen og berre nyta den flotte utsikta og det 38 grader varme vatnet. Her er det ikkje så lurt å sitta så lenge så maks 15 min om gongen.