Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Forebygging i heimen til eldre
Me ynskjer å legga til rette for at eldre kan bli buande i sin eigen heim så lenge som mogleg. Hensikta med tilbodet er å bidra til du som bur heime skal føla deg trygg, oppleva livskvalitet og behalde god helse lengst mogleg.
Me kjem på besøk i heimen din. Heimebesøket vert gjennomført av fysioterapeut eller sjukepleiar. Me tilbyr ein samtale heime hjå deg der me samtalar om tema som har betydning for ditt kvardagsliv og helse.
Ved besøket får du ei informasjonsmappe med kontaktinformasjon til kommunen, samt litt kortfatta informasjon om utvalde tema. Opplysningar frå besøket vil bli dokumentert i Suldal kommune sitt elektriske journalsystem.
Me er underlagt teieplikt etter forvaltningslova. I samtalen kan du sjølv vere med på å bestemma kva som er viktig for deg å snakka om. Det kan dømesvis vere aktuelle helsespørsmål, ulykkesførebygging, brannførebygging, fysisk- og sosial aktivitet, ernæring, bustadshøve eller utfordringar i det daglege. Me vil også gi informasjon om kommunale- og frivillige tenester og tilbod som finns i din nærleik.
Du som fyller 77 år i løpet av kalenderåret får tilbod om førebyggande heimebesøk.
Dersom du fyller 77 år i løpet av kalenderåret vil du få tilbod frå kommunen om heimebesøk per brev. Etter du har motteke brevet vil me ringa deg for å stadfesta om du ønskjer å ta i mot besøk eller ikkje, og eventuelt då avtala nærare dato og tidspunkt.
Om du er eldre enn 77 år, kan du også få førebyggande heimebesøk dersom du sjølv tek kontakt med kvardagsrehabiliteringsteamet.
Førebyggande heimebesøk er gratis
Publisert 10.07.2024 16.56