Framande artar og hageavfall

Framande artar er artar som er innført til staden, tilsikta eller utilsikta, men som opprinneleg høyrer heime ein annan stad. Mange gjer ingen skade, men nokon kan påverke lokalt naturmangfald svært negativt. Alle framande artar er samla i ei oversikt som heiter “Fremmedartslista”, der kvar art har fått ei risikovurdering. 

Nedst på sida finn du informasjon om korleis du handterer hageavfallet ditt på riktig og trygg måte. 

Fredløs - Klikk for stort bileteFredløs SNL

Ein trussel mot naturmangfaldet vårt

Ikkje alle blir eit problem, men nokre kan utgjere ein stor trussel mot naturmangfaldet vårt. Invaderande og framande artar kan i verste fall føre til utrydjing av lokale dyre- og planteartar. Det kan innebera konkurranse om dei same ressursane, overføring av sjukdom og negativ påverknad på leveområde.  

Kommunen er lokal plan- og miljømyndigheit og har derfor ansvaret for oppfølging av framande arter og lokale tiltak der det er naudsynt.  

I følgje registreringar av framande arter i Suldal kommune, er det planter og spesielt ulike hageplanter som utgjer den største trusselen hos oss. Parkslirekne, hagelupin, ulike artar av mispel, fredløs, skogskjegg og rynkerose er eksempel på hageplanter som kan komma ut av kontroll og skada naturmangfaldet. Av andre arter, er brunskogsneglen ein kjent fiende for mange. Desse artene er alle i kategorien “Svært høg risiko” på lista over framande arter.

Hageplantar som blir problemartar 

Dei fleste hageplantar eller framande artar gjer liten skade, men nokon av dei kan skapa mykje trøbbel om dei får spreie seg i naturen og vekse fritt. 

Du har sannsynlegvis sett vegkantar overgrodd av lupinar, ugjennomtrengelege og høge kratt av parkslirekne eller skråningar fullstendig dekt av gyvel? Dette er døme på hageplantar og framande artar som kan gjera stor skade på den lokale naturen vår om dei kjem på avvegar.

Hagevettreglane

Miljødirektoratet har utarbeida fire hagevettreglar som skal hjelpa hageeigarar å unngå spreiing av framande artar.

1 - Bli kjent med hagen din

Finn ut kva slags plantar du har i hagen din og korleis du kan hindre at dei spreier seg. Sjekk om hageplantane du har står på forbodslista og kor høg risiko dei har blitt vurdert til på fremmedartslista. Du er ikkje plikta til å fjerne desse artane, men forbodne artar skal ikkje flyttast på og spreiast vidare.

2 - Ikkje del planter ukritisk med andre

Sjekk alltid om planta står på forbodslista før du deler stiklingar, avleggjarar og frø med andre hageentusiastar. Deling av slike plantar er forbode. Vær varsam og bruk fornuft om du vurderer å dela plantar som står på fremmedartslista.

3 - Unngå at planter rømmer

Gjer deg kjent med korleis hageplantane dine eventuelt spreier seg. Hugs at plantar kan spreia seg på fleire måtar. Både via frø, nye skot, plantedelar på avvegar og ved flytting av jordmassar. Hald oppsyn med og luk vekk plantane før dei “kryp” ut av hagen din. Viss du har framande artar som spreier seg lett via frø, bør blomar og frø fjernast og hivast i restavfall før frøa blir modne. Dette gjeld til dømes lupinar og kjempespringfrø. Vær alltid varsom med å flytta på jordmassar. Jordmassar som kan innehalda framande artar vurdert til høg risiko, må ikkje flyttast til nye stader. 

4 - Kast hageavfallet ditt riktig!

Feil handtering av hageavfall er ein vanleg årsak til spreiing av framande artar. Hageavfall skal enten komposterast i eigen hage eller leverast på miljøstasjonen. Trillebår eller hengar bort til næraste skogkant er ikkje riktig handtering av hageavfall. Å kaste hageavfall i naturen er forbode etter forureiningslova § 28 og naturmangfaldlova § 30.

Slik kvittar du deg med hageavfallet ditt på ein trygg måte 

Å levere hageavfall på miljøstasjonen i Suldal er GRATIS og enkelt. 

Vanleg hageavfall

Leverast til kompostering. Av reint hageavfall lagar IVAR nye, nyttige produkt som kompostjord og torvfrie jordblandingar.

Viktig: Hageavfallet må ikkje innehalda plastpotter, jordsekker og anna avfall. Rist også av røtene slik at dei ikkje er fulle av jord og grus. 

Hageavfall som inneheld framande artar

Pakk plantane godt inn, helst i gjennomsiktige sekker. Gi beskjed på miljøstasjonen om at sekkene inneheld framande artar som skal til forbrenning. Dersom du fraktar i hengar, må du passa på at plantene ikkje bles av langs vegen. Bruk hengartrekk. 

Lurer du på kva slags planter som er i denne kategorien? IVAR har laga ei liste. Sjå første lenka nedst på denne sida.

Kart over framande artar i Suldal kommune