Samanhengen mellom vald mot dyr og vald i nære relasjonar

Det er ein klar samanheng mellom vald mot dyr og vald i familien. Familiedyr blir ofte mishandla i heimar der det også skjer partnervald. Når dyr blir utsette for vald, er menneske ofte i fare – og omvendt.

Mistanke om vald mot dyr skal meldast til Mattilsynet.

Dyr som maktmiddel

I nokre tilfelle blir dyr brukt som trugsmål. Valdlege partnarar kan true med å skade eller drepe dyret. Dette kan gjere at offeret blir verande i eit farleg forhold av frykt for kva som kan skje med dyret.

Mange har eit sterkt band til dyra sine og ser dei som familiemedlemmer. Nokre vel å bli verande i ein valdssituasjon for å beskytte dyret. Dette må me ta omsyn til når me handterer saker om familievald. For å hjelpe offeret ut av eit farleg forhold, må det også finnast ei trygg løysing for dyret.

Hjelp for dyr

Krisesenter har sjeldan plass til dyr, men Dyrebeskyttelsen Haugaland kan i nokre tilfelle tilby beredskapshjem for dyr tilhøyrande personar på krisesenter (avhengig av kapasitet).

Mistanke om vald mot dyr skal meldast til Mattilsynet: Varsle om mishandling eller alvorleg vanstell av dyr.

Meir informasjon: