Vald er eit alvorleg samfunnsproblem som kan råke menneske i alle aldrar. Ifølgje Verdens helseorganisasjon (WHO) er vald all forsettleg bruk av makt, tvang eller truslar som kan føre til skade, død eller andre negative konsekvensar.
Vald
Vald er ei handling retta mot ein annan person, som gjennom å skade, påføre smerte, skremme eller krenke, får personen til å gjere noko mot sin vilje eller slutte å gjere noko han eller ho ønskjer. Ifølgje WHO er vald eit vidt omgrep og må forståast som all forsettleg bruk av makt, tvang eller truslar mot ein annan person som resulterer i, eller har stor sannsyn for å resultere i, død eller fysiske og psykiske skadar. WHO peikar òg på at vald kan vere fråvær av handlingar, til dømes fysisk og emosjonell neglisjering og omsorgssvikt.
Ulike typar vald
- Fysisk vald – spark, slag, lugging, biting, fasthalding, innesperring og isolasjon.
- Psykisk vald – når nokon nedvurderer, krenker, skadar, trugar eller kontrollerer andre.
- Seksuell vald – alle former for seksuelle krenkingar, uønskt fysisk kontakt og seksualisert snakk.
- Latent vald – når valden «ligg i lufta» og offeret er redd for at ho skal skje igjen.
- Materiell vald – når nokon knuser, øydelegg eller kastar gjenstandar, slår i veggar eller dører.
- Økonomisk vald – når nokon blir nekta kontroll over eigen eller felles økonomi eller inntekt.
- Digital vald – vald og overgrep via digitale plattformer, inkludert netttruslar.
- Vitne til vald – når ein ser vald eller opplever konsekvensane av valdshandlingar.
- Kjærastevald – vald i intime eller romantiske forhold, til dømes mellom vener eller kjærastar.
- Omsorgssvikt – fråvær av handlingar eller feil handlingar som fører til manglande pleie og oppfølging.
- Æresrelatert vald – vald knytt til negativ sosial kontroll og tvangsekteskap, samt truslar og nedverding.
- Negativ sosial kontroll – overvaking, press og tvang som tek frå nokon retten til å styre eige liv.
- Tvangsekteskap – ekteskap inngått under sterkt press eller truslar.
- Kjønnslemlesting – delvis eller fullstendig fjerning av ytre kvinnelige kjønnsorgan utan medisinsk grunn.
Publisert 05.12.2025 11.12