Utset du nokon for vald?
Alle som står nær kvarandre kan krangle og vere usamde. Men det skal ikkje vere slik at du gjer partneren din eller barnet ditt redd eller utrygg. Livet i ein familie skal vere trygt for alle. Det skal gå an å ha eigne meiningar og ønskje noko anna enn den du bur saman med.
Slår du, sparkar, truar, ydmykar, krenker eller kontrollerer andre, utøver du vald. Har du problem med å kontrollere temperamentet, eller skremmer du stadig nokon du eigentleg er glad i, kan du få hjelp til å endre deg.
Få hjelp
Kranglar og bråkar de mykje heime? Har du problem med å kontrollere sinnet ditt, eller utset du partner eller andre i familien for vald eller overgrep? Då kan du ta kontakt med: