Avvergingsplikt

Avvergingsplikt betyr at alle har eit personleg ansvar for å melde frå eller på annan måte hindre straffbare handlingar. Plikta gjeld uavhengig av teiieplikta.

Lurer du på om du har avvergingsplikt?

Her er fem spørsmål som kan hjelpe:

  1. Er det ei alvorleg, straffbar handling?
    Plikta gjeld ved fare for valdtekt, drap, mishandling i nære relasjonar eller seksuelle overgrep mot barn (straffelova § 196).
  2. Veit eller mistenker du at handlinga kjem til å skje?
    Det er nok at du trur det er sannsynleg. Plikta gjeld også om du trur det kan skje igjen.
  3. Er det mogleg å avverge handlinga?
    Forsøk å hindre at det skjer. Om det allereie har skjedd, skal du hindre skade og konsekvensar.
  4. Kan du avverge utan å utsette deg sjølv eller andre for fare?
    Du har ikkje plikt dersom det set liv og helse i fare.
  5. Kan du avverge utan å bli tiltalt eller sikta?
    Du treng ikkje utsette deg sjølv eller andre for tiltale. Men merk: Dersom offeret er mindreårig og du har omsorgsansvar, må du avverge sjølv om du risikerer tiltale.

 

Svarar du «ja» på desse spørsmåla, har du plikt til å varsle politiet eller på annan måte hindre at handlinga skjer. Avvergingsplikta går alltid føre teiieplikta.

Kva seier lova?

Plikta er beskriven i straffelova § 196. Ho gjeld frå du får kunnskap om at handlinga vil skje, eller trur det er mest sannsynleg.

Avvergingsplikta gjeld for alle – både deg som jobbar med menneske og har tausheitsplikt, og deg som privatperson.

Korleis kan du avverge?

  • Varsle politiet, barnevernet eller andre som kan hjelpe.
  • Forsøk å hindre at handlinga skjer.
  • Samarbeid med den det gjeld – barn, ungdom eller vaksen. Tilpass dialogen etter alder og situasjon.

Barn og vaksne har same behov for informasjon, tryggleik og kontroll over eigen situasjon.