Barne- og ungdomsrettleiaren skal vera ein pådrivar for at barn og unge i Suldal får veksa opp i eit trygt og inkluderande skule- og fritidsmiljø.
Arbeidskvardagen er for det meste knytt til støttefunksjon som sosialrådgjevar på alle barneskulane i Suldal. I tillegg til dette har han funksjon som SLT-koordinator. Dette inneber koordinering og kontakt med førebyggjande tenester som politiet, helsestasjon, psykisk helse og barne- og familieteam. Du kan lese meir om SLT her: SLT-modellen - Konfliktrådet
Barne- og ungdomsrettleiar
Barne- og ungdomsrettleiaren er ein pådrivar for at barn og unge i Suldal får veksa opp i eit trygt og inkluderande skule- og fritidsmiljø.
Arbeidskvardagen er for det meste knytt til støttefunksjon som sosialrådgjevar på alle barneskulane i Suldal. I tillegg til dette har han funksjon som SLT-koordinator. Dette inneber koordinering og kontakt med førebyggjande tenester som politiet, helsestasjon, psykisk helse og barne- og familieteam. Du kan lese meir om SLT her: SLT-modellen - Konfliktrådet
Tett på
Barne- og ungdomsrettleiaren skal vere eit kjent fjes for barn og ungdom i Suldal. Han er jamt innom alle barneskulane i Suldal, og er med i overgangen til ungdomsskulen.
På ungdomsskulen held han kontakt med ungdommane i rolla som MOT-coach. MOT er eit forebyggande program som styrkar ungdoms robustheit, motstandskraft og evne til å ta gode val i møte med livets utfordringar. Du kan lese meir om MOT-programmet her: MOT Norge
Barne- og ungdomsrettleiaren ønskjer også tett kontakt med lag og organisasjonar som legg til rette for aktivitet for barn og ungdom på fritida.
Ungdomsrådet
Barne- og ungdomsrettleiaren er kontaktperson, koordinator og sekretær for ungdomsrådet. Ungdomsrådet er eit lovpålagt politisk organ som sikrar ungdom si stemme inn i politiske avgjersler. Les meir om ungdomsrådet her: Ungdomsrådet - Suldal kommune heimeside.
Radikalisering
Det er viktig at me bygger arbeidet med å førebygga radikalisering og valdeleg ekstremisme på dei same grunnprinsippa som generell førebygging av kriminalitet. Ein inkluderande kommune der alle har moglegheit for deltaking utifrå sine eigne ressursar og interesser, vil virka førebyggande både på sosial utstøyting, marginalisering og kriminalitet. Alle har eit ansvar. Les meir om radikalisering her: Førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme - Suldal kommune heimeside.
Ta kontakt!
Strevar ein med utfordrande åtferd, radikalisering, rusmidlar eller kriminalitet i sine nærmiljø er det berre å ta kontakt for å diskutera saka. Barne- og ungdomsrettleiaren kan hjelpa dykk å komma i kontakt med rette instansar.