BARNESELSKAP

KVA MED Å HA BARNESELSKAPET PÅ SULDAL BAD? 


Barneselskapet kan arr Fredag, Lørdag eller Søndagar ved Suldal Bad sine opningstider (Ikkje i skuleferiar eller ved heilagsdagar).

Ved bestilling av barneselskap er prisen 225,- pr barn som ein betalar ved ankomst. Då får alle kvar sitt armband med badebillett. 

Prisen inkludere:

  • Badebillett
  • 1 stk Panini eller 2 pølser pr barn
  • Slurp, Juice eller saft 
  • kr 25,- pr Softis ( om ein ynskjer)
  • Enkel pynting, dekking og rydding av bord. Me reknar 1 Badevert til selskapet i totalt 2 timer ( inkl forberedelsar, bevertning og rydding)
    Det er høve til å ta med kake sjølv.

Når maten er avslutta og selskapets deltakerar ynskjer å bade vil dei vera badegjester på like vilkår som andre badegjester. Dei vaksne som tilhøyrer barneselskapet har då ansvaret for selskapets badande ved bading.

NB Det er ingen rabatt for barn som har årskort då dette er ein pakkepris. Ein vaksen pr 3. barn kjem inn gratis. Er det fleire vaksne, må dei løyse billett som vanleg enten om dei kjøper enkelt billett eller bruker årskort/klippekort.     

Artikkelliste