Temadag med Vitensenteret på Sand skule
Sand skule
Sand skule løftar fram elevar med stort læringspotensiale, saman med Vitensenteret
Kva skjer når ein skule ser dei elevane som tenkjer annleis, undrar seg meir og treng andre utfordringar? På Sand skule har lærarane i fleire år samarbeidd med Vitensenteret for å utvikle eit tilbod til elevar med stort læringspotensiale, og no er skulen blitt pilotskule i eit nasjonalt prosjekt.
Om lag 10–15 % av elevane i norske klasserom har stort læringspotensial. Dei er ikkje nødvendigvis dei med høgast karakterar, men dei som lærer raskt, stiller mange spørsmål, og trivst med komplekse og opne oppgåver. Dei kan vere kreative, intense, og ha sterke meiningar, og dei kan vere vanskelege å identifisere. Som barnepsykolog Ella C. Idsøe skriv: «Dei er akkurat like forskjellige som andre barn.»
På Sand skule har lærar Anette Goa Bråtveit sendt elevar til talentsenteret i realfag i fem år. – Dei kjem alltid entusiastiske tilbake. Det er kjekt å sjå korleis dei trivst både fagleg og sosialt, fortel ho.
Les meir her.