KRAFTLAGET i Suldal - her får du meir enn ein jobb!

Er du på jakt etter ein arbeidsplass der trivsel, fleksibilitet og fagleg utvikling står i sentrum? Då bør du bli ein del av kraftlaget vårt i Suldal!

Velkommen til Kraftlaget – podkasten som tek deg med inn i kvardagen til dei som får kommunen til å gå rundt.

  • Du finn podcasten der du lyttar til podcast, som blant anna Spotify.

  • Podcast  - Klikk for stort bileteKraftlaget podcast Suldal kommune

    Elisabeth Bjørkhaug og Bente Tednes Gjil pratar med dei som jobbar i og med Suldal kommune – menneske med historiar, tankar, frustrasjonar, latter og kraft. Gjennom ærlige samtalar, små drypp av galskap, og store mengder engasjement, blir du betre kjent med både kollegaer, fagfelt og heile kommunen vår.

    Me trur at arbeidsglede smittar og at krafta ligg i folka – ikkje berre i vassmagasina våre.

    Så sett deg godt til rette, eller ta oss med på øyret gjennom arbeidsdagen – dette er Kraftlaget.

Jarle, Marianne, Kathrine og Kari er ein del av Kraftlaget vårt. 

  • Gode vilkår og fleksibel arbeidstid

    • Betalt lunsjpause – du jobbar faktisk 100 timar mindre i året enn mange andre!
    • Lønstillegg utover tariff for fleire stillingar – Sjå her

     

    Fagleg utvikling og støtte

    • Gode ordningar for vidareutdanning og støtte til grunnutdanning
    • Tilgang til bedriftshelseteneste og samtalar med psykolog ved behov
    • Aktiv bruk av arbeidsplassvurderingar og sjukefråværsoppfølging
  • Leiarar innan oppvekst - Klikk for stort bileteRektorar og avdelingsleiarar på skuleleiarkonferansen Suldal kommune
  • Undervisning - Klikk for stort bileteTemadag med Vitensenteret på Sand skule Sand skule

    Sand skule løftar fram elevar med stort læringspotensiale, saman med Vitensenteret

    Kva skjer når ein skule ser dei elevane som tenkjer annleis, undrar seg meir og treng andre utfordringar? På Sand skule har lærarane i fleire år samarbeidd med Vitensenteret for å utvikle eit tilbod til elevar med stort læringspotensiale, og no er skulen blitt pilotskule i eit nasjonalt prosjekt.

    Om lag 10–15 % av elevane i norske klasserom har stort læringspotensial. Dei er ikkje nødvendigvis dei med høgast karakterar, men dei som lærer raskt, stiller mange spørsmål, og trivst med komplekse og opne oppgåver. Dei kan vere kreative, intense, og ha sterke meiningar, og dei kan vere vanskelege å identifisere. Som barnepsykolog Ella C. Idsøe skriv: «Dei er akkurat like forskjellige som andre barn.»
    På Sand skule har lærar Anette Goa Bråtveit sendt elevar til talentsenteret i realfag i fem år. – Dei kjem alltid entusiastiske tilbake. Det er kjekt å sjå korleis dei trivst både fagleg og sosialt, fortel ho.

    Les meir her. 

  • Kommunedirektør - Klikk for stort bileteSiri Halvorsen Omega 365 design

    Suldal kommune styrkjer innsatsen mot sjukefråvær

    Suldal kommune trappar opp arbeidet med å redusere sjukefråvær blant tilsette, og lanserer ei brei satsing som kombinerer forsking, førebygging og kulturbygging. Målet er å skape eit meir inkluderande og helsefremjande arbeidsmiljø, og sikre at fleire kan stå i arbeid over tid.
    Sjukefråvær handlar ikkje berre om tal og statistikk, men om menneske, helse og eit godt arbeidsmiljø, seier kommunedirektør Siri Halvorsen. – Me må jobbe med nærværsarbeid og tilrettelegging for å møte framtidas behov.

    Les meir her.

Tenkjer du tanken om å flytta til Suldal? Til eit liv med litt meir tid, og litt meir plass? Du kan søkje om å prøvebu i ein av rekrutteringsbustadane våre. Les meir her. 

  • Kraftlaget - sterkt fellesskap

    • Velferdsutvalet arrangerer sommarfest, quiz, baking, fjellturar og foredrag
    • Kom-i-form-konkurranse og treningstilbod med støtte hos Stas-Knallform
    • Sponsa medlemskap i lag og organisasjonar – bygg nettverk og bli kjent med kommunen
  • Bu i Suldal

    • Du kan pøvebu i ein av våre rekrutteringsbustadar
    • Startlån og støtte til bustadkjøp og renovering
    • Du kan få sletta studielån ved flytting til Suldal

 

I Suldal kommune er det ikkje berre vasskrafta som er sterk – her finn du også menneskekraft, naturkraft og kulturkraft

  • I Suldal kommune er det ikkje berre vasskrafta som er sterk – her finn du også menneskekraft, naturkraft og kulturkraft. Me er stolte av å vere Noregs største kraftkommune, med Kvilldal – landets største kraftstasjon – og Blåsjø, det største vassmagasinet i Nord-Europa.

    Men krafta i Suldal handlar om meir enn energi. Det handlar også om dei levande småbygdene, dei engasjerte innbyggjarane og det rike kulturlivet. 

    Her kan du:

    • Utforske Stranddalen, Gullingen og Suldalslågen – perfekte for fjellturar, fiske og friluftsliv
    • Oppleve laksesafari, dagsturhytter, frisbeegolf og verdas beste jordbær frå Jelsa
    • Delta i kulturlivet på Kulturhuset, Ryfylkemuseet eller Suldal bad
    • Nyte lokalmat, gardsutsal og små eventyr i kvar ei grend

     

    Suldal er ein kommune med rom for ro og rom for liv, der du kan kombinere ein meiningsfull jobb med eit rikt liv utanfor arbeid. Her er det kort veg frå klasserommet til fjelltoppen – og frå fagleg utvikling til fellesskap og fritid.

     

    Besøk Visit Suldal

Er du nysgjerrig på kva ledige stillingar Suldal har ute no? Ta ein kikk her.