Ordføraren sitt juliprogram

Ordføraren sitt juliprogram

Juli er ei roleg tid på møtefronten for ordførar.

Ordførarsamling under Gladmat - Klikk for stort bileteOrdførarsamling under Gladmat Næringshagen i Ryfylke

Statsministerbesøk og sommarhelsing

Eg vil gjerne starte juli med å sjå tilbake til slutten av juni. Suldal kommune investerte i stand på Gladmat-festivalen i Stavanger saman med 13 lokale produsenter av mat og drikke. Dette var ein suksess!! For ein innsats av alle som deltok på standen, for eit humør og for nokre smakar! Me fekk løn for innsatsen då både statsminister og landbruksminister ville ete lunsj hjå oss. På toppen av det heile fekk me med oss prisen for beste Gladmatoppleving. 

Gratulera til alle involverte, dette var ein lagsiger!

 

Ope hus på Rygjatun

Om ikkje dette var nok, så opna kommunen nye internatet på Rygjatun 29.06.25 for alle som ville sjå. Her vil det ligge til rette for at framtidas volleyballelevar skal kunne bu godt og leva godt. Verkeleg flotte rom og fellesareal. Godt planlagt og godt gjennomført.


Juli er ein feriemånad, det merkas og i min kalender. Mange tek seg fortent ferie, og eg håper alle får ein god månad anten ein er på ferie eller må arbeide litt til.


God sommar til alle!
 

Artikkelliste