Reglement tilskot til energieffektiviseringLytt til tekstenStopp avspillingTilskotsordning energieffektivisering – vedteke av kommunestyret 21.09.2022 oppdatert 30.12.2022 Private hushald og hytter - Støtte til energieffektiviserande tiltak Generell informasjon Du kan søkja om tilskot både i forkant og etterkant av når tiltaket blir gjennomført. Det kan søkjast om tilskot for tiltak som er gjennomført etter 01.10.2022. Dersom du gjennomfører tiltaket før du søkjer må du i søknaden legga ved kopi av utført arbeid og faktura. Dersom du søkjer i forkant må motteke tilbod følgja søknaden. Når du mottek faktura må du senda kopi til kommunen som føretek utbetaling snarast. Det er søkjaren sitt ansvar å undersøka med Suldal kommune v/bygdeutvikling om tiltaket er søknadspliktig og med det søkja om byggeløyve. Du må vera juridisk eigar av bustaden/hytta for å søkja om tilskot. Det er ikkje eit krav om at du må kjøpe alt nytt for å få støtte av oss til å utføra energieffektiviserande tiltak. "Det er betre å vedlikehalde enn å reparera, det er betre å reparera enn å skifta ut" - Riksantikvaren. Sjå gjerne forslag på korleis du kan reparera på nettsida til Riksantikvaren og nettsida til Bygg og bevar. Døme på tiltak i gamle hus kan vere: innvendig isolerrute, blåse inn isolasjon, vindtetting. U-verdi etter tiltak vil bli vurdert individuelt når du gjennomfører tiltak som tar vare på det gamle. Luft til luft varmepumpe Både private hushald og hytteeigarar kan søkja. Du kan få støtte til ei varmepumpe per husstand. Du kan ikkje få støtte til både hus og hytte. Dersom du leiger ut leilegheit/hus til bustadføremål (ikkje hytte), kan du få støtte til ei varmepumpe til. Utleigeforholdet må vare meir enn 12 månadar. Tilskotet kan dekkja mellom 10-50% av investeringskostnaden. Maksimal støtte er kr. 20 000,- inkludert installering Private hushald med låg inntekt kan søkja om 90%-dekning av varmepumpe i bustadhus, maksimal støtte er kr. 30 000,- inkludert installering. Det vil gjelda hushald med forsørgjaransvar for born med samla brutto inntekt (eks. barnetrygd og liknande) på inntil kr. 600 000,- og einslege med samla brutto inntekt på inntil kr. 400 000,- Du kan få støtte til ei varmepumpe (anten luft til luft, eller luft til vatn), du kan ikkje få støtte til fleire varmepumper. Solceller Både private hushald og hytteeigarar kan søkja. Du kan få støtte til eit solcelleanlegg per husstand. Du kan ikkje få støtte til både hus og hytte. Hytteeigarar må legge ved byggeløyve eller dokumentasjon frå Bygedutvikling om at byggeløyve ikkje er naudsynt. Solcelleanlegg på vegg og tak kan vera søknadspliktig. Døme: vesentleg fasadeendring, nær avstand til grannar, i strid med reguleringsplan med meir. Solcelleanlegg på bakken er som hovudregel søknadspliktig. Tilskotet dekkjer inntil 60% av investeringskostnaden. Maksimal støtte til hushaldet eller hytteeiger er kr. 100 000-, = kr. 20 000,- i støtte til installasjon pluss kr. 4000,- per kWp installert, opptil 20 kWp. Ein kan ikkje få støtte til både hus og hytte. Anlegget må vera tilkopla elektrisitetsnettet gjennom ein plusskundeavtale Merknad: Dersom du nyttar den kommunale ordninga vil du ikkje få Enova-støtte. Enova gir inntil 35% stillte, den kommunale ordninga er difor 25%-poeng betre. Enova kan i tillegg gje støtte til leasing, det gjer ikkje kommunen. Luft til vatn varmepumpe Ordninga gjeld berre private hushald. Hytter som har installert vannboren varme kan også søkja Du kan få støtte til ei luft til vatn varmepumpe per husstand. Du kan ikkje få støtte til både hus og hytte. Tilskotsordninga kan dekkja mellom 10-50% av investeringskostnaden Maksimal støtte er kr. 50 000,- Du kan få støtte til ei varmepumpe (anten luft til luft, eller luft til vatn), du kan ikkje få støtte til fleire varmepumper. Reintbrennande vedomn Både private hushald og hytteeigarar kan søkja Du kan få støtte til ein reintbrennande vedomn per husstand. Du kan ikkje få støtte til både hus og hytte. Tilskotet dekkjer inntil 50% av investeringskostnaden Maksimal støtte er kr. 15 000,- inkludert installering Vil gjelda utskifting av gamal vedomn som er kjøpt før 1998 Etterisolering og skifte av vindauge i bustadhus Ordninga gjeld berre private hushald Tilskotet vil utgjera mellom 10-50% av investeringskostnaden Tilskot kr/kvm - sjå eigen tabell under. Vil gjelda for hus frå 1987 og endre Areal og u-verdi på isolasjon og vindauge før og etter gjennomføring av tiltaket må koma fram i tilbodet eller på fakturaen Du kan ikkje kombinera det med støtteordning "oppgradering av bygningskropp" (totalrenovering) frå Enova. Maksimal støtte er kr. 75 000,- Du kan få støtte til både 2-lags og 3-lags vindauge (PDF, 4 MB) Det er også mogleg å få støtte til å energieffektivisera bevaringsverdige vindauge. Du kan lesa meir om det på denne sida. Tabell etterisolering og skift av vindauge Tabell etterisolering og skift av vindauge Tiltak inkludert mva Støtte/kvm U-verdi Før tiltak (gjeld hus frå 1987 og eldre) U-verdi Etter tiltak Etterisolere yttervegg/tak 10 cm Kr. 500,- Høgare enn 0,3 Lågare enn 0,22 Etterisolere yttervegg/tak > 15 cm Kr. 600,- Høgare enn 0,3 Lågare enn 0,18 Etterisolere tak mot loft Kr. 350,- Høgare enn 0,3 Lågare enn 0,18 Etterisolere golv mot kald kjellar Kr. 350,- Høgare enn 0,3 Lågare enn 0,2 Nye vindauge Kr. 2000,- Høgare enn 2 Lågare enn 1,2 Andre energieffektiviserande tiltak Det kan vera fjernvarme, biokjel/flisfyring, ventilasjon med meir Tiltaket vil bli skjønsmessig vurdert Tilskotet dekkjer inntil 50% av investeringskostnaden. Maksimal støtte er kr. 100 000,- Private næringsliv, sameige/burettslag og lag/organisasjonar - Støtte til energieffektiviserande tiltak Generell informasjon Samla offentleg støtte for privat næringsliv kan ikkje overstiga EØS-regelverket sine grenser, jf. gruppeunntaket. Suldal kommune kan toppfinansiere opp til EØS-regelverket sine grenser Søkjar må senda inn dokumentasjon på anna offentleg støtte til same føremål Mva-registrert verksemd får berekna støtte eksklusiv mva Alle burettslag, sameiger, lag/organisasjonar og private yrkesbygg som er registrert i Brønnøysundregisteret med adresse i Suldal kan søkja Det er søkjaren sitt ansvar å undersøkja med Suldal kommune v/bygdeutvikling om tiltaket er søknadspliktig og deretter søkja byggjeløyve Du bør søkja og få innvilga støtte før du bestiller materiale og tenester, eller inngår avtale med leverandør. Dersom du set i gong før du får tilsegn gjer du det på eiga risiko. Du må senda inn ferdigmelding når jobben er fullført. Denne skal innehalda sluttrapport, fakturaer for tiltaket og dokumentasjon på at fakturaene er betalte. Eigeninnsats inntil kr. 100 000,- kan inkluderast. Det må dokumenterast med timeliste Søkjar kan maksimalt få 1 million kr. i støtte alle tiltak sett under eitt. Regelen gjeld også for konsern. Dersom investeringa utløyser støtte større enn maksimalgrensa skal søknaden avgjerast av Formannskapet. Det er ikkje eit krav om at du må kjøpe alt nytt for å få støtte av oss til å utføra energieffektiviserande tiltak. "Det er betre å vedlikehalde enn å reparera, det er betre å reparera enn å skifta ut" - Riksantikvaren. Sjå gjerne forslag på korleis du kan reparera på nettsida til Riksantikvaren og nettsida til Bygg og bevar. Døme på tiltak i gamle hus kan vere: innvendig isolerrute, blåse inn isolasjon, vindtetting. U-verdi etter tiltak vil bli vurdert individuelt når du gjennomfører tiltak som tar vare på det gamle. Luft til luft varmepumpe Tilskotet kan dekkja mellom 10-40% av investeringskostnaden. Maksimal støtte per varmepumpe er kr. 20 000,- inkludert installering Maksimalt 5 varmepumper per verksemd Etterisolering og skifte av vindauge Tilskotet dekkjer inntil 40% av investeringskostnaden Tilskot kr/kvm, sjå eigen tabell under Gjeld bygg som er oppført før 1987 Areal og u-verdi på isolasjon og vindauge må koma fram i tilbodet Maksimal støtte er kr. 500 000,- for bygget/verksemda/organisasjonen Du kan få støtte til både 2-lags og 3-lags vindauge (PDF, 4 MB) Det er også mogleg å få støtte til å energieffektivisera bevaringsverdige vindauge. Du kan lesa meir om det på denne sida. Tabell etterisolering og skift av vindauge Tabell etterisolering og skift av vindauge Tiltak inkludert mva Støtte/kvm U-verdi Før tiltak (gjeld hus frå 1987 og eldre) U-verdi Etter tiltak Etterisolere yttervegg/tak 10 cm Kr. 500,- Høgare enn 0,3 Lågare enn 0,22 Etterisolere yttervegg/tak > 15 cm Kr. 600,- Høgare enn 0,3 Lågare enn 0,18 Etterisolere tak mot loft Kr. 350,- Høgare enn 0,3 Lågare enn 0,18 Etterisolere golv mot kald kjellar Kr. 350,- Høgare enn 0,3 Lågare enn 0,2 Nye vindauge Kr. 2000,- Høgare enn 2 Lågare enn 1,2 Solceller Tilskotet dekkjer inntil 40% av investeringskostnaden. Det vert gitt tilskot på 3000 kr/kWp installert eksl mva. Maksimal støtte er kr. 500 000,- Tiltaket kan vera søknadspliktig, kontakt Suldal kommune v/bygdeutvikling Kjøp og installasjon av solcelleanlegg i burettslag, sameige og private næringsbygg. For burettslag/sameige gjeld tilskotet felles solcelleanlegg. Anlegget må vera tilkopla elektrisitetsnettet gjennom ein plusskundeavtale Andre energieffektiviserande tiltak Det kan vera fjernvarme, biokjel/flisfyring, ventilasjon med meir Klimaeffekten/energieffekten må koma klart fram av søknaden Tiltaket vil bli skjønsmessig vurdert Tilskotet dekkjer inntil 40% av investeringskostnaden. Maksimal støtte er på kr. 500 000,- Innovative prosjekt Det kan bli gitt inntil 60% støtte til innovative energiprosjekt. Tiltaket vil bli skjønsmessig vurdert. Maksimal støtte er kr. 500 000,- Oppfølging Kommunedirektøren er ansvarleg for oppfølging og rapportering Finansiering og plassering Tilskotsordninga blir finansiert årleg i den ordinære budsjetthandsaminga Kven kan søkja og når kan du søkja Bustaden/hytta/bygget/produksjonsprosessen må ligga i Suldal kommune. Søkjar må vera juridisk eigar. Søkjar som har tinglyst burett blir likestilt med juridisk eigar. Søkjar må vera folkeregistrert i Suldal kommune for å få støtte til tiltak i privat bustad. Type tiltak og lovleg støttenivå Bustad og hytter: Ein skal primært gi støtte til tiltak som ENOVA tilrår Næringslivet og lag/organisasjonar: Ein skal primært gi støtte til tiltak som ENOVA tilrår. Støttebeløpet kan koma i tillegg til anna offentleg støtte. For næringslivet må ein i tillegg ta omsyn til gjeldande regelverk i EØS-avtalen, gruppeunntaket, som gir grunnlag for at det offentlege kan støtta med inntil 45% av kostnaden. For små og mellomstore verksemder kan støtta aukast til henholdsvis 55% og 65% av kostnaden Tiltaka står over. Krav til søknad på nett Private: Namn, adresse, personnummer, kontonummer, skildring av tiltak, kopi for tilbod frå leverandør/fakturakopi, faktura ved utbetaling Næringsliv og lag/organisasjonar: namn, organisasjonsnummer, skatteattest, kontonummer, skildring av tiltak, kontaktperson, kopi av tilbod frå leverandør, adresse for bygg/aktivitet, sluttrapport/faktura Frist for å gjennomføra tiltaket Frist for å gjennomføra tiltaket er eit år frå dato for godkjenning av søknaden. Dersom tiltaket ikkje vert gjennomført innan fristen vert vedtaket trekt tilbake. Urettmessige opplysningar Ordninga er tillitsbasert. Dersom det viser seg at søkjar med medvit har oppgitt gale opplysningar kan forholdet bli politianmeldt og støttebeløpet kan bli kravd tilbake med renter Rapportering Det skal ved tertialrapportering og ved årsslutt vera ei rapportering som minimum inneheld totalt støttebeløp, tal søknadar, tal innvilga søknadar, kva det har blitt gitt støtte, estimert klimaeffekt av tiltaka Publisert 08.06.2023 15.20