Sommarskule 2021

Suldal kommune har fått stønad frå Utdanningsdirektoratet til å oppretta sommarskuletilbod til elevane i grunnskulen. Sommarskulen skal vera ein arena kor elevane kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar. 

I Suldal har elevane gjennom ei spørreundersøking medverka med innspel til aktivitetar dei ønskjer seg i Sommarskulen.

Om Sommarskulen

Sommarskulen er eit gratis tilbod til alle elevane 1.-9.trinn i Suldalsskulen.
I samarbeid med lokale leverandørar og lag skal Suldal kommune skapa meiningsfulle dagar for elevane . Me er trygge på at elevane skal få dagar med læring, meistring, samhald og glede anten dei trivast best med ballsport og bevegelse, dyr og natur, vatn og vitskap, eller ord og kultur. 

Det vert program måndag - torsdag.

Dagsstruktur

Kl.09.00 – 11.00 
Kl.11.00 – 12.00 - Lunch
Kl.12.00 - 14.00
Kl.14.00 – 14.30 – Samling

Program

Innhaldet i programmet til  Sommarskulen er ferdigstilla med bakgrunn i tal påmeldte. 

Veke 26 - 1. - 3.trinn - AVLYST GRUNNA SMITTESITUASJON

Sommarskulen for 1. - 3.trinn er avlyst grunna det lokale smitteutbrotet.

  • Bading i Suldal bad - "Vill med vatn"
  • Aktive idrettsdagar på Eide - fotball - volleyball - "Barnas mesternes mester"
  • "Kulturkarusell" – Yoga - dans - Bærekraftsbiblioteket
  • Turdag - Gardsbesøk til Trægården
Program veke 27 - 4. - 6.trinn
  • Bading i Suldal Bad - "Vill med vatn"
  • Aktive idrettsdagar på Eide - fotball -volleyball - "Barnas mesternes mester"
  • "Kulturkarusell" – Bærekraftsbiblioteket - skaparkunst
  • Turdag til Kulevika - Natursti med bevegelse, gode smakar og uteyoga
Program veke 31 - 7. - 9.trinn
  • Koding med Linda Liem
  • Bading og aktivitet med Suldal bad
  • Teknekurs med "Strekaren"
  • Sport og fart på fjorden med Ryfylke Basecamp - kajakk - SUP -Rib-tur
  • Kokkelering «Slik kokar me!» 
Påmeldinga til Sommarskulen er lukka.

Fristen for påmelding var 26.mai. 

Dersom du har meldt barnet ditt på Sommarskulen har du fått stadfesting tilsendt på e-post. . 

Vidare har du fått tilsendt program og informasjon for den veka barnet ditt er påmeldt. 

Viss du ikkje har motteke stadfesting og informasjon ber me deg ta kontakt. 

Praktisk informasjon
  • Oppmøtestad er Sand skule - hovudinngong.Dersom programmet krevar anna oppmøtestad vil det sendast ut informasjon i forkant.
  • Klede etter ver og aktivitet. Me er i fysisk aktivitet kvar dag, og treng gode klede.
  • Elevane må sjølv ha med matpakke måndag, tysdag og onsdag. Drikkeflaske alle dagar
Har du spørsmål angåande Sommarskulen?

Dersom du har spørsmål eller ønskje om å bidra til Sommarskulen kan du kontakta prosjekt-koordinator Martine Førre.

Sjukdom, beskjedar og anna

Ved sjukdom, beskjedar eller anna kontakt:

Veke 27 - Martine Førre tlf. 46 88 17 67

Veke 31 - Britt Elin Håranes tlf. 40 48 22 26

Beskjedar vert formidla vidare til aktivitetsleiaren som har ansvar for ditt barn.

NB! Transponder brukast IKKJE av Sommarskulen.