Skulefritidsordninga (SFO)

Skulefritidsordninga(SFO) skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår.

Tilbodet er for barn i 1. – 4. årssteg og for barn med særskilte behov i 1. – 7. årstrinn.

Skulefritidsordninga

Søkje eller endre SFO-plass

Du kan søkje, sei opp eller gjer endringar på eksisterande SFO-plass via oppvekstportalen.

  • Søknaden gjeld frå du har fått innvilga søknad og ut 4. klasse.
  • Ved oppseiing er fristen oppseiingsmånaden + etterfølgjande månad.
Betalingssatsar SFO
Betalingssatsar i skulefritidsordninga
Betalingssatsar i skulefritidsordninga
Tilbod Tidsramme Pris i 2020 Md
SFO 1 Kortdag. del av dag før og etter skulen, lokale tilpassingar. kr 1 240 10
SFO 2 Langdag. 07.30-skulestart og skuleslutt til 16.30 kr 2 360 10
SFO 4 Feriepakke 1 – full ferie + kr 510 10
SFO 5 Feriepakke 2 – ferie tre veker + kr 367 10
Ekstra dag SFO Når det er skule + kr 153
  • Der det er tre barn eller mindre som har behov (SFO), skal tilbodet samordnast med barnehagen. Ferielukking av nokre barnehagar kan vere aktuelt dersom ein sikrar at barna likevel har eit tilbod.
  • Månadsbetalinga skal reknast etter opphaldstid i vanleg skuleveke og skal ikkje overgå meir enn 6% av inntekta til familiar med barn som går i SFO i 1. og 2.klasse.
  • For fullt skuleår (følgjer skulerute) skal det betalast for 10 månadar (stengt i juli).
  • For barn i 5.-7. klasse med særskilte behov skal det betalast halv pris dersom lege eller anna faginstans har gitt skriftleg tilråding om at barnet bør gå i SFO.
  • Ved kjøp av ekstra dag så skal det betalast kr 153,- for skuledag (SFO før og etter skuledagen) og kr 450,- for heil dag.
  • Fristen for oppseiing er oppseiingsmånaden + etterfølgjande månad.

Elevar i SFO vert sett i samanheng med barnehage når det gjeld høve til å få søskenmoderasjon. Barnet i SFO er det som oppnår rabatten. Det er ikkje søsken-moderasjon på tilfeldig opphaldstid. Reglane for moderasjon i barnehagane vert lagt til grunn.

Ingebjørg Rullestad Gjerde
Kommunalsjef
E-post
Telefon 52 79 22 81
Mobil 416 92 867