Kva skjer når?

Kva skjer når?

Involvering av leiarar, tilsette og barn/elevar

Torsdag 27. april hadde alle leiarane i barnehage, skule og PPT gode drøftingar og refleksjonar om Framtidas oppvekst.
Eit av spørsmåla som vart drøfta var:
Kva er ein berekraftig barnehage og skulestruktur?

Leiarane fekk med seg ei oppgåve tilbake til eininga der tilsette og barn/elevar får koma med innspel. 

Utviklingsmøte - Klikk for stort bileteLeiarmøte oppvekst Britt-Elin Håranes

 

27.04.2023

Involvering av foreldre i barnehage og skule (FAU og SU) i alle krinsane

Besøk i grendene:

2. Mai – Jelsa oppvekstsenter

3. Mai - Ropeidhalvøya 

4. Mai – Vanvik oppvekstsenter

25. Mai - Erfjord skule og Stølane barnehage

5. juni -  Vinjar barnehage og skule

6. juni -  Sand barnehage og skule

7. juni – Nesflaten oppvekstsenter

13. Juni - Grendeutval - alle grendeutvala på kommunehuset
 

Plan med besøka:

1. Presentera fakta, historisk dei siste åra og framover

2. Informasjon og gruppearbeid:

  • Kva er moglegheitene og utfordringane framover med barnehage og skule i grenda?
  • Kva er moglegheitene og utfordringane for suldalsbarnehagane-og skulane?

Ideane og innspela vert samla inn. 

3. Informera om Framdriftsplanen og moglegheitene for å få seia si meining anonymt ved eit seinare høve. 

30.04.2023

Tilbakemelding frå barn/elevar og lærarar

Arbeidsgruppa tar i mot tilbakemelding frå elevar og lærarar 

31.05.2023

Felles møte med alle grendautvala i kommunen

30.06.2023

Anonym spørjeundersøking til føresette, tilsette og elevar

30.09.2023

Saksframlegg skal ut på høyring

Til: 

  • Su barnehage og skule
  • Fagforeiningar
  • Elevråd
  • Grendautvala
30.11.2023

Saka blir handsama politisk

  • Ungdomsråd
  • Levekårsutvalet
  • Formannskapet
  • Kommunestyret
29.02.2024
Ingebjørg Rullestad Gjerde
Kommunalsjef
E-post
Telefon 41 69 28 67
Mobil 41 69 28 67