Under er eit tilfeldig utval av innspel som er kome frå tilsette i skule og barnehage.
- Det er viktig med eit oversiktleg og trygt miljø. Ikkje for lite, ikkje for stort.
- Lokalane til Sand skule er for små, det manglar klasserom
- Det er store faglege skilnader mellom elevane som startar i 8. klasse, etter kva skule dei har gått på
- Rekruttering og kompetanse er ein stor utfordring. 1 av 5 lærarar har ikkje utdanning i Suldalskulen. Dette gir også eit dårlegare fagleg miljø.
- På små skular og barnehagar er det sårbart når ein ikkje får rekruttert nok tilsette. Dei tilsette blir slitne av å jobba for fleire
- Det er store avstandar i Suldal, pendlarvegen kan bli lang både for barn og vaksne
- Nærmiljøet er viktig
- Me treng helsefagleg kompetanse inn i barnehage og skule i tillegg til pedagogisk kompetanse. Me som har pedagogisk utdanning kjenner oss ikkje kompetente nok til å ivareta alle behov hos barn og unge.
- Det er for stort sprik mellom tilboda elevane får frå skule til skule
- Ordninga med overgongspersonale er bra
- Overgangen frå ein liten barneskule til ungdomsskulen er for stor. Elevane kjem til mykje større miljø, mindre klasserom, for lite variasjon i undervisninga og mindre medverknad
- Me har for stor mangel på vikarar
- Små forhold = betre oppfølging
- Det er ein styrke med skule i nærmiljøet
- Me bør skryta meir av at me har mange fagarbeidarar, det kjem sjeldan fram
- Det er ein risiko at for små barnehagar eller skular gjer at potensielle nye innbyggarar vel å ikkje flytta hit. Det er også ein risiko at potensielle nye innbyggarar ikkje vel å flytta hit dersom det ikkje er barnehage eller skule i grenda
- Me må laga suldalsskulen så attraktiv at dei elevane som går her no kjem att til kommunen når dei vert eldre
Publisert 15.06.2023 15.29