Føresette

Føresette

Under er eit tilfeldig utval av innspel som er kome frå føresette i barnehage og skule. 

Framtidas oppvekst meiningar føresette - Klikk for stort bileteInnspel føresette Suldal kommune

Dei viktigaste faktorane føresette har løfta fram for ein god barnehage- og skulekvardag er: 

  1. At borna har vener
  2. Trygge vaksne
  3. Godt sosialt miljø
  4. Vaksne med rett kompetanse
  • Skulevegen må vera trygg og ikkje for lang
  • Me ønskjer fleire oppvekstsenter
  • Mellomtrinnet må jobba meir i lag, relasjonsbygging og utnytting av ressursar
  • Det er viktig for oss med utdanning og kompetente tilsette
  • Me bør driva meir proaktiv rekruttering. Bruk løn - stipend som verkemiddel
  • Me bør satsa på rekrutteringskompetanse, det bør vera ein eigen avdeling sentralt som jobbar med dette
  • Det er viktig å framsnakka små miljø
  • Det er viktig å ein gong for alle sei noko om når ein skule blir for liten og skulevegen for lang
  • Ungdomstrinnet treng meir plass til skaparverkstad og kreativ læring. Suldal bør bli best på fasilitetar for ungdomstrinnet
  • Administrative ressursar bør ut til skulane