1. MELD DEG PÅ
Først av alt må du melda deg på. Det gjer du så enkelt som ved å senda ein e-post til oss: postmottak@suldal.kommune.no
Kall meldinga PIZZA.
I e-posten er det 5 viktige punkt som må med:
- Dato du ønskjer pizza levert på døra
- Klokkeslett du ønskjer pizza levert på døra.
- Adresse pizzaen skal leverast til
- Namn på deg som er vert eller vertinne
- Namn på dei du har invitert på pizza
Me tar diverre ikkje i mot påmeldingar som kjem etter 15. oktober. Alle svar må vera inne til 19. oktober.
Me kan levera pizza på følgjande tidspunkt:
- Måndag til fredag kl. 10-17
- Torsdag og lørdag kl. 10-18
- Søndag kl. 12-18
2. INVITER
Du er vert eller vertinne, og du skal no invitera ein gjeng på minimum 4 stykk som bryr seg om korleis framtidas barnehage og skule i Suldal bør vera.
Du bestem sjølv kven du vil invitera og kor de skal vera. Det kan vera vennegjengen, klubben, foreningen, kollegaer, nabolaget - kven som helst eigentleg - så lenge deltakarane er innbyggarar av Suldal kommune.
Hugs å invitera innan tidsrommet me køyrer ut pizza:
- Måndag til fredag kl. 10-17
- Torsdag og lørdag kl. 10-18
- Søndag kl. 12-18
3. ARRANGER
Du samlar gjengen innan 19. oktober.
Me spanderer ein pizza på dykk, denne blir levert på døra til tidspunktet du har oppgitt i meldinga.
Når du har samla gjengen, ønskjer me at de gjennom gode og livlige samtalar drøftar spørsmåla de finn på denne sida. Me minnar om spelereglane, her er det viktig å respektera ulike meiningar.
4. SVAR
Svarskjema finn du her. Du sender oss dykkar innspel, seinast innan 19. oktober. Svara er anonyme.