Barn og unge i Suldal har rett på læring og meistring i eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø. Barnehagane og skulane våre skal vera ein god arena for alle, uansett kor ein bur og kva behov ein har.
Me planlegger ein bærekraftig barnehage- og skulestruktur for framtida.
I desember 2022 gjorde Suldal kommunestyre vedtak om at:
Suldal kommune skal ha ein bærekraftig barnehage- og skulestruktur. Kommunedirektøren legg fram ei sak med bakgrunn i krav til eit godt fagleg og sosialt barnehage- og skulemiljø. I arbeidet skal det leggjast vekt på ein god og open prosess med breid involvering".
Publisert 19.04.2023 11.12