Erfaringskonsulent barn og unge

Me ser etter deg som vil reflektera i lag med oss om eigne erfaringar og opplevingar inn i utviklingsarbeidet for barn og unge i Suldal kommune.

Me ser etter deg som vil løfta viktige utfordringar frå målgruppa sitt perspektiv, og som saman med oss ønskjer å gi eit betre tilbod for barn og familiar i Suldal.

Me ser etter deg som blant anna har erfaring med:

  • Omsorg for barn som har hatt behov for tverrfagleg hjelp i ein kommune grunna ulike vanskar
  • Å vera alvorlig sjuk, langvarig sjuk, kronisk sjuk mens du har omsorg for barn
  • Å oppleva å stå i ein utfordrande familie- og/eller livssituasjon mens du har omsorg for barn
  • Tenestene innan oppvekst og helse i Suldal kommune

 

Omfang og vilkår av arbeidet:

  • Møte på inntil 2 timar, ca. 6-8 gonger per år
  • Gjennomlesing/innspel på dokument
  • Arbeidet vil utviklast i samråd med dine ønske
  • Erfaringskonsulenten vil bli honorert etter FOUSAM sine satsar for brukarmedverknad.

Frist for å søkje: 20.03.2019

For meir informasjon og interesse kan du kontakta:

Elisabeth Bjørkhaug, koordinator for Betre Tverrfagleg Innsats Suldal kommune

e-post: elisabeth.bjorkhaug@suldal.kommune.no

Tlf: 52 79 23 81

Elisabeth Bjørkhaug
Rådgjevar - barnehage
E-post
Telefon 52 79 23 81
Mobil 984 94 300