Skatteoppgjer

Avrekning av skatteoppgjeret for enten tilbakebetaling av formykje innbetalt skatt, eller innkrevjing av restskatt når du har betalt forlite.

Har du betalt for lite forskotsskatt eller blitt trekt for lite i lønn eller trygd, vil du få restskatt året etter. 

Beløp frå kr 20 til kr 99 blir ikkje utbetalt, men vil bli overført til godskriving ved avrekninga til neste år. Beløp under kr 20 fell bort.

Restskatt inklusiv rentetillegg under kr 100 fell bort, og treng ikkje betalast.

Har du spørsmål om skatteoppgjeret 
Det kan hende at det er feil godskrive forskotstrekk. Feil forskotstrekk kan ha fleire årsaker, til dømes at arbeidsgjevar ikkje har levert korrekt oppgåve til skattemyndigheitene eller at det er brukt feil skattekommune. 

Ved spørsmål om forskotstrekk kan du kontakte skatteoppkrevjarkontoret på telefon 52 79 22 53/ 52 79 22 41.

Har du spørsmål om likninga 
For spørsmål om inntekt, formue og frådrag, kan du kontakte Skatt vest på

tlf. 800 80 000.

Pengar til gode
Du får normalt pengane på bankkontoen din. 

Er pengane overført til ein avslutta konto, vil me få beløpet i retur frå banken.

Me vil då betale ut til ein av dine andre konti eller på utbetalingskort.

Skyldar du statlege eller kommunale krav, kan skatt til gode gå til motrekning av krava. Du vil i så fall få tilsendt brev med informasjon om dette.

Klage på likninga
Fristen for å klage er seks veker etter at likninga er sendt ut. Klage kan sendast elektronisk via skatteoppgjer/klage eller på skjema, RF-1117 via altinn.no

Skatteoppgjer

Restskatt - betaling og innkrevjing

Restskatt oppstår som regel fordi inntekta blei høgare enn forventa. Han må betalast sjølv om du klagar på oppgjeret. Restskatt over kr 1000 forfell til betaling i to terminar. Betaling skjer til skatteoppkrevjaren sin bankkonto for skatt. Ved utelaten betaling blir det rekna forseinkingsrenter frå forfall og fram til betaling skjer. Dersom kravet ikkje blir betalt frivillig, vil skatteoppkrevjaren setje i verk tvangsinnkrevjing og kostnader kan kome til etter rettsgebyrlova.

Dersom du er usamd i skatteoppgjeret, sender du klage til skattekontoret. Dette kan gjerast elektronisk. Fristen for klage på skatteoppgjeret er generelt tre veker etter kunngjering av at skattelista er lagd ut. Når du har levert skattemelding som er fylt ut på førehand og er omfatta av det første skatteoppgjeret, er fristen for klage 10. august eller innan seks veker etter at det blei kunngjort at skatteoppgjeret var ferdig.

I visse tilfelle kan du søkje om å få utsett betalinga, få redusert skatten eller sleppe å betale skatt – les meir under "Reduksjon eller fritak frå skatt" under.

Om restskatt fra Skatteetaten

Skattekontoret fastset grunnlaget for kva som skal betalast i skatt, medan skatteoppkrevjaren i kommunen (kommunekasserar) handterer innbetalingar og set i verk innkrevjing.

Skattekontorene har en rådgjevingsteneste som tar imot dine spørsmål på alle Skatteetaten sine oppgåveområder. I tillegg har Skatteetaten ei rådgjevingsteneste på telefon 800 80 000.

Reduksjon eller fritak for skatt

Som hovudregel skal alle betale den skatten som er fastsett. I visse tilfelle kan du søkje om å få utsett betalinga, få redusert skatten eller sleppe å betale skatt.

Skattepliktige som ikkje er i stand til å betale heile eller delar av den skatten dei skuldar.

Du kan få utsett innbetaling av skatte- og avgiftskrav dersom du er mellombels ute av stand til å betale skatten. Årsaker kan vere dødsfall eller alvorleg sjukdom. Skattekravet kan bli sett ned eller fråfalle dersom betalingsevna di er varig svekt.

Sjå Skattebetalingsloven kapittel 15.

Innhald i søknad

Skatteoppkrevjaren vil kunne hjelpe deg med å setje opp ein søknad. Den skal innehalde

  • namn
  • stilling
  • sivilstand
  • inntekt (ev. inntekta til sambuaren/ektefellen/partnaren) dei siste to åra
  • kor mange som blir forsørgja og alderen deira
  • opplysning om skatten er basert på skattemelding eller skjønnsfastsetjing
  • kva for krav som blir søkt ettergjevne
  • opplysning om eventuell sjukdom
  • melding om faste utgifter
  • grunngjeving for søknaden

Alle opplysningane bør vere dokumenterte.

Legg ved kopi av skattemelding for dei siste to åra, eventuelt siste skjønnsfastsetjing

Saksbehandling

Skatteoppkrevjaren kan avgjere søknader om ettergjeving/nedsetjing som gjeld forseinkingsrenter på inntil kr 50 000.

Skatteutvalet avgjer ettergjeving av skatt inntil kr 200 000.

I saker som gjeld summar over kr 200 000, har skattekontoret(Skatt Vest) avgjerdsmyndet.

Høve til å klage

Det er ikkje høve til å klage over vedtak som er gjort av skatteutvalet. For vedtak som er gjort av skatteoppkrevjar eller skattekontor, kan du klage til overordna organ etter reglane i forvaltningslova. Du kan likevel søkje på nytt dersom du meiner at saka ikkje har vore tilstrekkeleg opplyst eller at situasjonen har endra seg.