Skatt

Kommunekasseraren i Suldal har som oppgåve å krevje inn skattar og avgifter, kontroll av arbeidsgjevarar og føring av skatterekneskapen for Suldal kommune.

Avrekning av skatt for både private og selskap.

Innkrevjing av skatt og arbeidsgjevaravgift

Kontroll og oppfølging av A-melding og anna lønsmelding, rettleiing og kontroll av arbeidsgjevarar.

Saksbehandling om ettergjeving og nedsetjing av skatt

Skatteattest skal du normalt bestille i Altinn – link til innlogging og skjema, men dersom du har problem med dette kan me hjelpa deg. Les meir under.

Skatteetaten har ansvar for likning, sjølvmelding, utskriving av skattekort og forskotsskattar, samt innkrevjing av meirverdiavgift og arveavgift.

Skal du innbetale skatt til Suldal kommune er kontonummer 6345 06 11346, KID for å utføra innbetalinga, kan du laga her – KID generator

 

 

Skatt

Skatteattest

Du treng skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune. Skatteattest får du ved å vende deg til skatteoppkrevjaren i kommunen (eventuelt til skattekontoret regionalt) eller tinge han frå Altinn (sjå lenkja nedanfor). Før opp fødselsnummer og organisasjonsnummer (der dette finst). Attesten blir sendt til deg innan to arbeidsdagar etter at tinginga er teken imot.

Ein skatteattest er ein dokumentasjon på innbetalt meirverdiavgift og skatt og skal ikkje vere eldre enn seks månader. Som leverandør treng du skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune. Som oppdragsgjevar bør du be om skatteattest frå leverandørane dine dersom du ønskjer å stå fram som ein seriøs kjøpar av varer og tenester.

Attest for skatt og merverdiavgift

Skatteoppkrevjaren i kommunen og skattekontoret regionalt vil kunne gje fleire opplysningar om ordninga med skatteattestar.

Forskottsskatt - betaling og innkrevjing

Skattekontoret fastset kva som skal betalast i skatt, medan skatteoppkrevjaren i kommunen (kommunekasserar) tar seg av innbetalingar og innkrevjing. 

Driv du sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonføretak), skal du betale utskriven forskottsskatt. Det same kan gjelde dersom du er deltakar i ansvarleg selskap og kan vente del av skattbart overskott frå selskapet. Vidare kan det gjelde personlege skattytarar dersom dei har større inntekter som det ikkje er teke omsyn til i det forskottstrekket dei har i lønnsinntekta. 

Dersom du får utskriven forskottsskatt, får du tilsendt innbetalingsblankettar fire gonger i året. Den forskottsskatten som er utskriven, er utrekna på bakgrunn av skatteoppgjeret førre året. For at nye enkeltpersonføretak og deltakarar i ansvarlege selskap skal få utskriven forskottsskatt og tilsendt innbetalingsblankettar, må dei melde frå til skattekontoret om verksemda og fortelje kor stort overskott (eller underskott) dei ventar seg det første året.

Betaling skjer til bankkontoen for skatt til skatteoppkrevjaren. Ved utelaten betaling blir det rekna forseinkingsrenter frå forfall og fram til betaling skjer. Dersom kravet ikkje blir betalt frivillig, kan skatteoppkrevjaren setje i verk tvangsinnfordring og kostnader kan kome til etter rettsgebyrlova.

Dersom du ikkje er samd i utskrivinga av forskottsskatten, må du sende søknad om endring av utskriven forskottsskatt til skatteetaten. Nærmare opplysingar om dette finn du på skatteetaten.no, eller du ha vende deg til Skatteetaten si rådgjevingsteneste på telefon 800 80 000.

Lenkjer

Arbeidsgjevar
Utskriving/endring av skattekort
Skatteattest
Sjølvmelding/skatteoppgjer