Eigedomsskatt

Suldal kommune har innført eigedomsskatt på verk og bruk

1. Kommunestyret skriv ut eigedomsskatt på verk og bruk i heile kommunen, jfr eigedomsskattelova § 3 første ledd bokstav c.

2. Eigedomar som vert drivne som gardsbruk eller skogbruk er fritekne for eigedomsskatt, jfr eigedomsskattelova § 5 bokstav h.

3. Klage over eigedomsskattetaksten må vera fremja innan 3 veker frå utleggsdatoen for eigedomsskattelista, jfr eigedomsskattelova § 19.

4. Eigedomsskatten vert skreve ut i 2 terminar, jfr eigedomsskattelova § 25 første ledd.

Klage

Eventuell klage vert i første omgang handsama av sakkunnig takstnemnd. Dersom sakkunnig takstnemnd gir klagar medhald, skjer slutthandsaminga her.

Dersom klagen vert teke delvis til følgje, vil klagen med saksvedlegg bli oversendt til sakkunnig ankenemnd, og klaga vil få eit nytt vedtak med frist på tre veker.

I klager som ikkje får medhald vert klagen sendt direkte til handsaming i sakkunnig ankenemnd. Ankenemnda si avgjersle er endeleg og kan ikkje påklagast.