Ambulerande løyve og løyve ved einskild høve

Når må du søkje om skjenkeløyve?

  • Du må søkje om skjenkeløyve når du leiger eit lokale, tek betalt for alkohol eller viss lokalet bare har serveringsløyve.
  • Du må søkje om skjenkeløyve viss du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i eit lokale utan eksisterande skjenkeløyve, eller ute på eit avgrensa område.

Løyve ved einskild høve

Viss du skal ha eit ope arrangement må du søkje om løyve ved einskild høve for eksempel ein festival eller ein pubkveld. Viss arrangør tek betaling for alkohol eller utleigar står for meir enn utleige av lokale må du søkje om løyve. Du må søkje i god tid, seinast tre veker før arrangementet.

Ambulerande skjenkeløyve

Viss du skal arrangera eit lukka arrangement kan du søkja om eit ambulerande skjenkeløyve. Deltakarane i selskapet må ha ei tilknytet til den som inviterer til selskapet, og det er ikkje tilstrekkelig at ein skriv seg opp på ei liste eller kjøper bilettar til arrangementet. Du må søkje minst tre veker før arrangementet. Det vert normalt ikkje krevd løyve ved reint private arrangement som bryllaup eller liknande, så sant det ikkje vert teke betaling for drikke og utleigar berre leiger ut lokala til arrangementet.

Søknad

Du kan søkje om ambulerande løyve eller løyve ved einskild høve her

Kva kostar det?

  • Ambulerande løyve - Gebyr er for tida kr. 370,-

For løyve til einskild høve er gebyr for arrangement differensierte.

  • Arrangement der det er venta inntil 200 gjester: kr.1000,-
  • Arrangement der det er venta over 200 gjester: kr.2000,-

Lovar og reglar

Alkohollova

Alkoholforskrifta

 

Turid Vaage
Leiar servicetorg
E-post
Telefon 52 79 22 03
Mobil 414 24 085