Salsløyve

Personar eller verksemder som ønskjer å selga alkolhaldig drikk utanfor utsalsstaden må søkje om salsløyve.

Salsløyvet gjeld drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. Løyvet vert gitt for inntil ein periode på fire år.

Kriterium for løyvet

  • Løyvesøkjar og personar med vesentleg innverknad på verksemda på ha ulasteleg vandel
  • Ha ein styrar og ein stadfortredar
  • Styrar og stadfortretar må ha kunnskapsprøva i alkohollova, vere over 20 år og arbeide i verksemda.
  • Det vert ikkje gitt løyve til bensinstasjon eller kiosk

Endring i eksisterande løyve

Viss det er endringar på løyvet i peridoen må du melde frå til løyvemyndigheta. Ei endringa kan vere skiftar av styrar, driftskonsept eller eigarforhold, og større endringar kan føre til at du må søkje om nytt løyvet. Ta kontakt med Servicetorget i kommunen viss du er usikker.

Løyvet fell vekk ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på tidlegare løyve i inntil tre månadar viss løyvemyndigheita er informert og det vert søkt om nytt løyve innan 30 dagar etter overdraginga.

Søknad

Her finn du søknaden.

Når me har motteke søknaden vert det henta inn uttale frå politi, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndighetene. Løyvet vert gjeve etter skjønn. Handsamingstida i kommunen er om lag tre månadar og søknaden skal handsamast politisk. 

Du har høve til å klage på vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Du kan få rettleiing ved Servicetorget eller av sakshandsamar. Viss kommunen lar vedtaket stå vert saka sendt vidare til Fylkesmannen.

Lovar, reglar og anna nyttig

Alkohollova

Alkoholforskrifta

Håndbok i alkohollova (Helsedirektoratet)

Kunnskapsprøva - informasjon frå Helsedirektoratet

Turid Vaage
Leiar servicetorg
E-post
Telefon 52 79 22 03
Mobil 414 24 085

Opningstid

Mån - Fre: 08.00 - 15.30

Adresse

Eidsvegen 7

4230 Sand