Kunnskapsprøve og etablerarprøve

Kunnskapsprøve i alkohollova

Styrar og stedfortredar i verksemd med sals- eller skjenkeløyve må bestå kunnskapsprøva i alkohollova. Prøva kan takast på Servicetorget i kommunen, og kostar f.t. kr. 400,- per forsøk. Dersom du ønskjer å ta prøva må du ta kontakt med kommunen for å avtala tid. Les meir om prøva, pensum og krav til styrar/stedfortredar på helsedirektoratet.

Etablerarprøve for serveringsverksemd

Etablerarprøva er obligatorisk for dagleg leiar i ei serveringsverksemd. Serveringslova definerer dagleg leiar som "den som har det reelle ansvar for den daglige drift av serveringsstedet". Prøva kan takast på Servicetorget i kommunen, og kostar f.t. kr. 400,- per forsøk. Dersom du ønskjer å ta prøva må du ta kontakt med kommunen for å avtala tid.

Turid Vaage
Leiar servicetorg
E-post
Telefon 52 79 22 03
Mobil 414 24 085