Alkoholpolitisk handlingsplan

Frå "Kommuneplan for Suldal kommune 2015-2024", vedtatt i kommunestyret 17.03.15.

Rameføresetnadar for sals- og skjenkeløyve i Suldal kommune:

  1. Salsløyve for drikk med inntil 4,7 volumprosent alkohol vert avgrensa til ordinære daglegvare/matvarebutikkar. Salstida er butikkane si opningstid, men ikkje lenger enn til kl. 20.00 måndag-fredag og kl 18.00 på dagar før søn- og helligdagar unntatt dag før Kirsti himmelfartsdag.
  2. Det er krav om matservering i samband med alle skjenkeløyve. For faste løyve til skjenking av brennevin er det krav om restaurantservering. Skjenking av øl, vin og brennevin skal ikkje skje seinare enn kl 02.00 innandørs og kl 01.00 på skjenkeområde utandørs.
  3. Det skal førast effektiv kontroll med sal og skjenking i samsvar med lovverket. Det skal vera tett kontakt mellom kommunen og sals- og skjenkestadene med sikte på motivasjon og informasjon. Alle som har sals- og skjenkeløyve skal gjennomføra kurset "Ansvarlig vertskap" kvart 4. år.
Turid Vaage
Leiar servicetorg
E-post
Telefon 52 79 22 03
Mobil 414 24 085