Tilskot til nydyrking

Dersom du har fått godkjent plan for nydyrking kan du søkje om kommunalt tilskot til dyrking.

Søknad

  • Du skriv søknaden på vanleg brevark, der namn, gnr./bnr. framgår. Du må leggje ved kopi av gardskart for eigedommen der du har teikna inn kva som skal dyrkast. Gardskart finn du her.
  • Du må søkje om tilskot før nydyrkinga tek til. Send søknaden til Suldal kommune, postmottak, Eidsvegen 7, 4230 Sand.
  • Det er ingen søknadsfrist. Søknadane blir behandla fortløpande når dei kjem inn. Du får tilsendt melding om vedtak. Arbeidsfrist er 3 år frå vedtaksdato.

Kva skjer vidare?

Når arbeidet er ferdig, dvs. når du har kome så langt at du har fått sådd i og det begynner å bli grønt, må du ta kontakt med kommunen for å få det godkjent og oppmålt. Kommunen sørgjer for oppmåling og registrering i AR5-basen. Dermed blir det retta i gardskartet, slik at du ved neste søknadsomgong får det med når du søkjer om produksjonstilskot.

Satsar

Tilskotet blir utrekna med fast pris per dekar. LMT vedtak i sak 015/17.

Lovar og reglar

Forvaltningslova

LMT vedtak 015/17

Endre Gjil
Administrativ leiar
E-post
Telefon 52 79 24 01
Mobil 404 10 713
Eli Torill Bergjord
E-post
Telefon 52 79 24 10

Opningstid

Mån-fre. 08.00 - 15.00