Produksjonstilskot

Produksjonstilskot er eit fellesomgrep for ei rekke tilskotsordningar som føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søkje på.

Landbruksdirektoratet sine sider finn du alt regelverket og mykje nyttig informasjon for produksjonstilskot. 
 

Søknadsfrist: 1. mars og 1. oktober

  • mars er det berre tal dyr som skal førast på
  • oktober skal både tal dyr og arealtal m.m. førast på skjema

Korleis søkje

Det er berre mogleg å søkje elektronisk. Følg rettleiing på Landbruksdirektoratet si side. Hugs at søknadsfristane 1. mars og 1. oktober er absolutte. Det er ikkje mogleg å søkje etter fristen, men om du har søkt før fristen, kan du rette/redigere søknaden din innanfor ein tidsperiode på 14 dagar etter at fristen har gått ut. Hugs i tilfelle å sende den på nytt.

Dersom du har spørsmål eller får problem med innlogging og søknad, kan du ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen. 

Bernt Schibevaag
Oppdragstaker
E-post
Telefon 52 79 24 03
Eli Torill Bergjord
E-post
Telefon 52 79 24 10

Opningstid

08:00 - 15:30

Adresse

Sandsvegen 122
4230 Sand

Kart

Kart