Kommunal næringsstøtte til landbruket - regelverk

Gjedande regelverk for kommunal næringsstøtte til lanbruket i Suldal kommune vert sist revidert i LMT-sak 05/17.

Skogkultur: Det vert ikkje gitt støtte til planting etter hogst. Støtta til rydding i plantefelt vert vidareført.

Forsøksringen: Det vert ikkje gitt kommunal støtte til forsøksringen.

Nybygging/ombygging av driftsbygningar: Investeringar vert støtte med 5% av godkjende kostnadar. Maks kr 500 000 pr prosjekt. Samdrift maks kr 1 mill.

Den kommunale landbruksstøtta er etter dette:

Skogkultur: 25% av godkjent kostnad til rydding av plantefelt. (Planting etter hogst vert ikkje støtta. Utbetaling via Fylkesmannen).             

Skogsvegar: 50% av statstilskotet

Nybygging/ombygging av driftsbygningar:  Investeringar vert støtta med 5% av godkjende kostnadar. Maks kr 500 000 pr prosjekt. Samdrift maks kr 1 mill. Investeringar under kr 500 000 vert ikkje støtta.

Foredling av eigne ressursar, 30% av kostnadane. Maks kr 200 000, vidareforedling av eigne eller andre lokale produsentar sine produkt.

Nydyrking kr 2 500 pr da.

Beiterydding kr 750 pr da.

Kjøp av privat mjølkekvote kr 2 pr liter.

Unge bønder inntil kr 50 000.     

Tilskot til dyrlegeskyss Køyregodtgjersla 5 - 15 km  kvar veg.

Omlegging til økologisk drift.  Etter søknad i kvart tilfelle.

Også rovviltpremie (rev) er dekka av landbruksstøtta.

For alle ordningane gjeld at ein må ha ein produksjon som er så stor et ein står i MVA-registeret. (Ikkje praktisert for revepremien).  Arbeidsfristen er tre år. Rådmannen kan forlenga fristen med inntil to år.

Rådmannen kan flytte midlar frå ei ordning til ei anna. Dersom budsjettposten er oppbrukt må nye prosjekt venta til året etter. Ubrukte budsjettmidlar eit år skal overførast til fond for bruk seinare år.

LMT-utvalet kan dispensere frå regelverket.

Endre Gjil
Administrativ leiar
E-post
Telefon 52 79 24 01
Mobil 404 10 713
Eli Torill Bergjord
E-post
Telefon 52 79 24 10
Bernt Schibevaag
Oppdragstaker
E-post
Telefon 52 79 24 03

Opningstid

Mån - fre: 08:00 - 15:30

Adresse

Sandsvegen 122
4230 Sand