Skogbruk

Skogsveg

Bygging av skogsveg kan gi deg som skogeigar økonomisk gevinst i form av lågare transportkostnadar under hogst. Samstundes blir det lettare å skjøtta skogen og mindre køyreskader i terreng.

Det ligg mykje god info under www.skogsvei.no

Landbruksvegforskrifta finn du her:

Meir info frå landbruksdirektoratet.

Skogfond

Skogfondet fungerar slik at alle inntekter du får frå skogen, til dømes ved sal av tømmer eller ved, er du pliktig å sette av ein andel på ein eigen skogfondskonto. Pengane som står inne på kontoen kan brukast til å dekke eigenandelen til dei fleste investeringar og tiltak i skogen.

Info frå landbruksdepartementet finn du her.

Sjå òg infofilm om økonomisk verknad ved bruk av skogfond her.

Skogbehandling og tilskot

Skogbehandling omfattar alle dei tiltaka som blir gjennomført i skogen i løpet av eit omløp, slik som forynging/planting, ungskogpleie, tynning, gjødsling og hogst. Gjennom skogbehandlinga kan me påverke vekst og utvikling i skogen. Målet er å utføra ein skogskjøtsel som gir god økonomi og ein optimal virkesproduksjon, samstundes som me tar nødvendige omsyn til skogens betydning for klima og miljø.

For meir info:

Landbruksdirektoratet om foryngelse av skog

Landbruksdirektoratet om ungskogpleie

Du kan søke kommunen om tilskot til planting, ungskogpleie og gjødsling mm. Trykk her for lenke til søknadsskjema.