Personvernombod

Personvernombod

Therese Mattjus er personvernombod i Suldal kommune. Ho er kontaktpunkt mellom kommunen og dei som er registrerte i våre system. Personvernombodet har ansvar for å passa på at kommunen handterer personopplysningar etter gjeldande reglar.

EU-regelverk vart norsk lov i 2018

Bakgrunnen for at kommunen har eit eige personvernombod, er at Noreg frå 2018 forplikta seg til EU sitt regelverk for personvern. Det inneber blant anna at innbyggarar, som det er registrerte personopplysningar om, får nye rettar.

Kva gjer personvernombodet?

Personvernombodet skal blant anna å bidra til at Suldal kommune:

  • Informerar om kva personopplysningar som blir samla inn og kvifor.
  • Held oversikt over opplysningane som blir behandla.
  • Gir innsyn til den opplysningane gjeld.
  • Kontrollerer tilgangen til opplysningane.
  • Ber om samtykke frå dei opplysningane gjeld før opplysningane blir handsama.
  • vernar informasjonen frå å kome på avvege.
  • Vurderer risiko for tryggleiksbrot og konsekvensar.
  • Slettar personopplysningar som ikkje trengs lenger.

Eit personvernombod er ein ressursperson som styrkar verksemda sin kunnskap og kompetanse om personvern. Personvernombodet rettleiar verksemda slik at personopplysningar blir handsama på ein god måte og i tråd med regelverket.

Personvernombodet arbeider med personvernspørsmål, for eksempel internkontroll og informasjonstryggleik. Meir konkret betyr dette handtering av spørsmål om alt frå innsyn, retting og sletting til avviksmeldingar og personopplysningar på avvege.

Gjennom at Suldal kommune har eit personvernombod er kommunen fritatt for meldeplikta som følgjer av personopplysningslovens § 31. Konsesjonsplikta gjeld.

Therese Mattjus
Rådgjevar
E-post
Telefon 92 34 36 53
Mobil 92 34 36 53